Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Bjønnåsen

Date:
24.05.2020
Characteristic:
Trip by foot
Map    

Runde fra Losby

Date:
16.05.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
23.4km

Planglagt løpetur innover frå Losby blei kombinert med sanking av koller og åser i området. Langs grusveg opp mot Fiskelaushytta (pessimistisk tittel) før eg tok av nord opp skogslia langs eit tydeleg tråkk rett før ein kjem heilt inn til hytta. Fulgte tråkket heilt inn til Lusetjern kor eg kryssa bekken og runda rundt berget før eg fant ei fin oppstigning til Romsås og dagens første topp. Ned att same veg og rett opp på andre sida til Mønekollen. Peila meg herifrå inn på masta som står noko sør for Mønekollen, og herifrå går det skogsveg ned mot Arndalen. Denne fulgte eg eit stykke ned før eg tok rett inn sørover og gjennom granskogen til eg møtte på vegen som ender inne ved Drettvannet. Herifrå var plana opprinneleg å ta stien som i følge kartet går over Skålsjømyra >>>

Map    

Langmyråsen og omegn

Date:
09.05.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
17.0km

Løpetur langs stigane i Østmarkas nordaustlege region, med Langmyråsen som mål for å korte ytterligare ned på lista over østmarkas 40 høgste. Ruta blei lagt inn til Ramstadsjøen og opp om Hektnerhøgåsen for å få litt høgdemeter i beina, i tillegg til avstikkarar til Trestilåsen og Høgåsen. Førstnevnte var eit fint utsiktspunkt, sistnevnte var heller meiningslaus, men kva gjer ein ikkje for ei nål ekstra. Ingen sti opp til Langmyråsen, heller ikkje noko markering på toppunktet, men greit nok. Ned på vestsida kjem ein inn på fin sti ned mot Marikollen. Retur same veg som opp, om Åmotdammen og ned til Kurland.

Map