Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Haukåsen og Puttåsen

Date:
29.04.2020
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
8.1km

Start ved Lindeberg, nærmare bestemt parkeringa ved Ole Reistads vei. Her finn ein skilt til Haukåsen som les 3,4 km langs blåmerka rute. Fin sti og tydeleg merking heile vegen. Artig å være oppe ved "golfballen" ein ser frå så mange vinklar om ein held til i Oslo-området. Vidare tilbake over høgda til ein kjem inn på stien som går tilbake ned til Lindeberg, men først måtte det bli ein avstikkar opp til Puttåsen. Ikkje noko særleg markert toppunkt, men ein ser kor det er. Ned att til ein møter stien ein fulgte opp. Overraskande tørt i terrenget til tross for litt nedbør den siste tida. Fin runde!

Map    

Bjønnåsen og Buåsen

Date:
23.04.2020
Map    

Svartåsen og Kjerringhøgda

Date:
21.04.2020
Characteristic:
Trip by foot

Med ønske om eit passande utsiktspunkt for kveldens solnedgang blei det køyrd bil i retning Siggerud, og opp til Raudsjøvegen p-plass. Medan vi venta på at sola for alvor skulle sette i gong fargespelet gjekk vi opp til Svartåsen, før vi returnerte ned vegen og tok av opp til Bysetra og Kjerringhøgda. Fint og sollid branntårn på toppen som tilbyr vidt åsyn utover markene, og solnedgangen i vest.

Map    

Runde rundt Halsjøen

Date:
19.04.2020
Characteristic:
Trip by foot

Ein av fleire finversdagar bydde opp til ein lengre tur i Østmarka, denne gongen med utgangspunkt frå Skulerud, kor det blir vist til parkering ved Fredheim skole. På grusveg innover mot Skulerud gård, kor veg blir til sti og turen byrjar. Oppover i granskogen i retning Knuttjern går det sti i fleire retningar, og det blei litt undring over vegen før eg endte opp ved kraftlinja som går over ei høgde aust for Knuttjern. Derifrå tok eg meg ned i nordvestleg retning og endte til slutt opp på vegen heilt ved nordenden av det nokså idylliske tjernet. Derifrå fulgte eg vegen opp til dens høgste punkt, kor eg tok av og byrja på stigning opp mot Haugerkollen og dagens første topp. Ingen sti å finne her, men overraskande framkomelege, og dette skulle bli gjengangeren for dagens mange >>>

Map    

Marikollenslottet

Date:
18.04.2020
Characteristic:
Trip by foot
Map    

Runde i Østmarka

Date:
10.04.2020
Characteristic:
Trip by foot

Stasjonert på Kurland har det verte gode moglegheiter for å få utforske Oslos østmark. Når peakbook i tillegg kan freiste med liste over østmarkas 40 høgste topper blir ikkje dørstokkmila lang. Med Bjønnåsen og Ramstadslottet allereie huka av blei det planglagt ein langtur for å få kryssa av ytterligare seks topper. Med start frå Kurland fulgte eg grusvegen opp til Åmotdammen og vidare etter skilting i retning Ramstadslottet. Først øst i retning Marikollen, før vegen dreier sør mot Ramstadsjøen. Vel nede ved nordenden av vatnet blei det først ein avstikkar austover etter skilting til Hektnerhøgåsen. Opp til dagens første toppunkt og retur same veg ned att til Ramstadsjøen, og denne gongen vidare sørover langs sti inn til Setertjern og Seterstua. Her blei det rast i ei >>>

Map    

Minjarudkollen

Date:
09.04.2020
Characteristic:
Trip by foot
Map    

Ramstadslottet

Date:
04.04.2020
Characteristic:
Trip by foot
Map