Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Runde rundt Bøverdalen nord

Date:
04.10.2019
Characteristic:
Trip by foot

Ein haustfeire med gode turforhold blei krona med ein flott runde nord for Bøverdalen. Vêrgudane hadde verkeleg slått på stortromma denne dagen, og klarvêr berre hausten kan by på gjorde utsynet frå dagens mange utsiktspunkt aldeles makalaust. I sør og aust konkurrerte tindane i Sunndalen, Eikesdalen og Øksendalen om å ha den mektigaste framtoninga, og i enden av panoramaet steig Trollveggen opp med sin spisse tinder, omkransa av Romsdalsalper i vinterdrakt. Det gjekk med mykje tid til å berre sitte og sjå på denne turen. Opp frå Seterbøen p-plass i Bøverdalen bar det i veg oppover lia. Vi passerte Arilds bru, men konkluderte seinare med at denne burde vi nok heller ha kryssa enn passert. Over Geitåa kom vi oss uansett, og det blei staka ut ein heller brattlendt kurs opp mot >>>

Map    

Tussan, Måsvassheia og Skreåfjellet

Date:
03.10.2019
Characteristic:
Trip by foot

Nedbør hadde gjort sitt til at toppane i Trollheimen framleis låg dekte i snø, klare for å ta i mot kong vinter om ikkje så alt for lenge. Nede i meir lågtliggjande strøk hadde derimot nedbøren kome som regn, og bidratt til å rydde unna mykje av det lille som tidlegare hadde lagt seg med bud om kaldare tider. Difor var det no ypperlege moglegheiter for å få seg ein tur eller to utanfor Trollheimen, og krysse av nokre toppar på "surnadalslista". Med det blei det oppstart frå Haugaskaret p-plass i retning Tussan. Turfølgjet for dagen hadde våre oppe på sondering dagen før, og kunne rapportere om delvis bløtt, men likevel fint føre. Slik gjekk turen opp til Tussan sin første topp effektivt og fint, og etappane over mot Midttussen og Stortussen bydde heller ikkje på >>>

Map    

Råslættkammen

Date:
02.10.2019
Characteristic:
Trip by foot
Map    

Valåsen og Litlåsen

Date:
01.10.2019
Characteristic:
Trip by foot
Map