Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Grøvelnebba om Mohaugen

Date:
10.08.2019
Characteristic:
Trip by foot

Gong nummer to oppe på Grøvelnebba, men via "den rette" ruta denne gongen. No blei bannskap og skrubbsår opp bjørkeskog og mosekledde hyller erstatta av song og lyng opp mot Mohaugen S1 frå Dalsbøen. Frå Sanden parkering gjekk vi bort og opp til løa som ligg ca 300 meter inn mot Innerdalen, kor stien opp langs Kvernåa byrjar. Fin sti som vi fulgte opp til kraftmastene der terrenget byrjar å flate ut. Herifrå sikta vi oss inn på oppstigninga til Mohaugen S1. Kryssa Kvernåa utan problem, og trødde målbevisst oppover, først i lyng, deretter i steinur. Vel opp blei vi møtt av ein sollid varde og fin utiskt ned i botnen under Mohaugen. Profilen til Grøvelnebba hadde vokse for kvar høgdemeter vi hadde vunne, og stod no steil og imponerande i mot oss. Værmeldingane for >>>

Map    

Smultringar rundt Nordåbotn

Date:
09.08.2019
Characteristic:
Trip by foot

Ein runde med besøk på fjella rundt Nordåbotn frå Kvennsetdalen. Konklusjonen til reisefølgjet blei at toppane her nok ikkje tek i mot mange besøkjande i løpet av ein somar, og at det må være smultringsamlarar som først og fremst finn vegen hit. Når det er sagt var landskapet rett så vakkert, og på toppane fekk vi sjå kjende toppar frå eit litt anna perspektiv enn ein ofte får, i tillegg til eit vakkert åsyn innover Romådalen. Turen starta frå grustaket ovanfor Røssåa og gjekk langs fin sti innhylla i skodde inn til Kvennsetsetrin. På innmarsjen fekk vi med andre ord ikkje sett noko av landsskapet som omgav oss, men skodda bidrog godt med trollsk stemning og sørga for fuktige sko. Etter å ha passert setrene blei stien meir flyktig, før den forsvann heilt, og skodda gjorde >>>

Map