Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Hovsnebba

Date:
27.07.2019
Characteristic:
Trip by foot

Ein varm julidag hadde blitt utvald som ramme for bestigning av Hovsnebba, ein topp som lenge hadde stått og freista med sine loddrette klipper ned mot Sunndalsøra. Følgjet på to starta frå parkeringsplassen rundt klokka 08:30 i håp om å unngå den verste varmen, og å ha kome seg eit stykke opp i bakken før sola runda hjørnet og byrja på oppvarminga av Sunndalen sin nordvegg. Vel i veg blei dei to klyvepartia opp mot Flaggnuten forsert utan problem, og kjettingane fekk stå urørt denne dagen. Framme ved Flaggnuten blei det ein liten rast, før vi på nytt tok fatt på stien opp mot Hovsnebba. Inne i vegetasjonen hadde sola no byrja å varme, men etter å ha passert over tregrensa gjorden ein sval vind sitt for at det blei rett så behageleg å ta seg oppover. Ein ny avstikkar til >>>

Map     1 comment

Tydalsnebba

Date:
20.07.2019
Characteristic:
Trip by foot

Somartur til Tydalsnebba med ein liten avstikker til Revholfjellet. Start frå Kårvatn og langs T-merka sti inn til Naustådalssetra. Herifrå gjekk vi av stien og sikta oss inn på høgda som ligg over Rismobotnvatnet. Her kunne vi med fordel ha holdt oss nærmare Tverråa for å unngå å måtte gå så mykje opp og ned, noko vi klok av skade gjorde på tur ned. Opp til neste høgd, og opp langs ryggen til toppen av Revholfjellet. Ned til Revholbotn og rundt Revholbotnvatnet om austsida. Herifrå blei det teke ei vurdering av kva som skulle bli ruta til topps. Frå Revbotnfjellet hadde skråninga som førte rett opp til Tydalssnebba sett uhyggeleg laus og bratt ut, så tanken var i utgangspunktet å sikte seg inn på Tydalsnebba Vest, og derifrå gå aust mot hovudtoppen. Når vi no var >>>

Map    

Honnstadknyken

Date:
17.07.2019
Characteristic:
Trip by foot
Map