Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Slanglifjellet, Grinaren og smultringar

Date:
19.06.2019
Characteristic:
Trip by foot

Ein flott rundtur med utgangspunkt i Todalen, som i tillegg til bestigning av Slanglifjellet og Grinaren gir god avkasting om ein samlar på Trollheimens smultringar. Rutene i dette området er frå før godt beskreve av fleire her inne, og stibeskrivelsen eg benytta denne dagen finnast i trollheim1 (Hallvard) si beskrivning av same tur. Difor er det ikkje stor nytte i å skildre ein allereie godt beskrive tur på nytt, så eg nøyer meg heller med eit par tilføyingar og kuriositetar. Turen starta frå Storfjellstien P-plass, og mens sjølve stien opp til Stofjellet er fin og tydeleg, er "parkeringsplassen" verre å finne. Å omtale det som ein parkeringsplass er kanskje i overkant genereøst, da det er snakk om ein liten attgrodd lomme på nordsia av vegen, rett ved der stien startar. Eg endte med å >>>

Map    

Soloppgang på Raudfjellet

Date:
16.06.2019
Characteristic:
Trip by foot

Ein gjeng hadde innlosjert seg på ei hytte ute i Helgetunmarka, og ein vakker solnedgang gav meirsmak på vakre naturscener. Rundt klokka tre den natta var søvnbehovet framleis ikkje alt for påtrengande, og tre av hytteturistane beslutta og sikte seg inn på Raudfjellet, i håp om ein fager soloppgang. Turen gjekk opp gruseveg og sti langs skilta og blåmerka rute til Raudfjellet. Rett før vi var oppe kryssa sola horisonten og ein ny dag tok til. Vel framme ved toppen låg ho framleis lågt og kasta eit vakkert ljos inn over Trollheimen. Overraskande fin utsikt frå eit fjell under 1000 moh litt i utkanten av fjellheimen. Her naut vi ei vakker og spesiell morgonstund før vi rangla nedatt.

Map    

Blåfjellet

Date:
13.06.2019
Characteristic:
Trip by foot

Rundtur opp om Blåfjellet over Settemsdalen, med start og slutt frå Rognskog P-plass. Skilta opp til Blåfjellet langs fin skogsveg (til venste ved første og einaste vegkryss) som etter nokre hundre høgdemeter går over til blåmerka sti. Passerar ei hytte på høgre side, og følgjer tråkket som slanger seg opp til Klumptjønnhaugen, kor det står ein orienteringspost. Herifrå vidare opp over det store flate platået frå Blåfjellet nordøst til Blåfjellets hovudtopp. Fabelaktig panoramautsikt med mektige fjellrekkjer i sør og fjord, hav og stabbar i nord. Sola skinande bak eit tynt skylag skapte ei herleg ramme for kveldskaffen. Nedtur vidare på sti på vestsida, innom nok ei hytte og nordover om Grønbrona ved Bekkervatnet. Herifrå knota følgjet litt med å finne tråkk og blåmerking. >>>

Map    

Fossafjellet

Date:
08.06.2019
Characteristic:
Trip by foot

Mens ein ventar på at dei større toppane i området skal kvitte seg med siste rest av snø og is, benytta eg og to andre anledninga til å besøkje ein av dei mindre toppane denne dagen. Med start frå P-plass ved oppstigninga til Kristianvarden i Kvenndalen tok vi oss over Kvenndøla via brua, og fulgte blåmerking inn til Kvennbøsetra. Herifår tok vi nedover og kryssa Fossåa, og fulgte derifrå terrenget rett opp mot første varde. Derifrå viare opp mot det høgste punktet, før vi fekk auge på storvarden som står heilt på kanten mot nord-vest. Lang og god rast i vakkert pinsevêr med utsikt mot både fjorder og fjell. Retur same veg.

Map    

Honnstadknyken - Sesongåpning

Date:
05.06.2019
Characteristic:
Trip by foot

Barmarksesongen blei uoffisielt åpna denne vakre somardagen med tur opp til Honnstadknyken. Overraskande fine og tørre forhold heile vegen opp til toppen, og berre ein tre-fire mindre snøfelt måtte passerast før vi tørrskodd kunne skrive oss inn i toppboka for første gong i år. Medbragt kake og leske frå Frydenlund bryggerier markerte begivenheten. Utover Trollheimen kunne vi beskue kjente og kjære topper som fortalde historia om ein variabel vår der dei låg framleis glaserte av kvite fonner. Ikkje mange av dei store bydde endå på bestigning med småsko, men utsikta var likevel like innbydande som alltid. Ein fin start på det som forhåpentligvis blir ein begivenheitsrik topptursesong.

Map