Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Hovsnebba
- Datum:
- 27.07.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
Ein varm julidag hadde blitt utvald som ramme for bestigning av Hovsnebba, ein topp som lenge hadde stått og freista med sine loddrette klipper ned mot Sunndalsøra. Følgjet på to starta frå parkeringsplassen rundt klokka 08:30 i håp om å unngå den verste varmen, og å ha kome seg eit stykke opp i bakken før sola runda hjørnet og byrja på oppvarminga av Sunndalen sin nordvegg.
Vel i veg blei dei to klyvepartia opp mot Flaggnuten forsert utan problem, og kjettingane fekk stå urørt denne dagen. Framme ved Flaggnuten blei det ein liten rast, før vi på nytt tok fatt på stien opp mot Hovsnebba. Inne i vegetasjonen hadde sola no byrja å varme, men etter å ha passert over tregrensa gjorden ein sval vind sitt for at det blei rett så behageleg å ta seg oppover. Ein ny avstikkar til >>>
Tydalsnebba
- Datum:
- 20.07.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
Somartur til Tydalsnebba med ein liten avstikker til Revholfjellet. Start frå Kårvatn og langs T-merka sti inn til Naustådalssetra. Herifrå gjekk vi av stien og sikta oss inn på høgda som ligg over Rismobotnvatnet. Her kunne vi med fordel ha holdt oss nærmare Tverråa for å unngå å måtte gå så mykje opp og ned, noko vi klok av skade gjorde på tur ned. Opp til neste høgd, og opp langs ryggen til toppen av Revholfjellet. Ned til Revholbotn og rundt Revholbotnvatnet om austsida. Herifrå blei det teke ei vurdering av kva som skulle bli ruta til topps. Frå Revbotnfjellet hadde skråninga som førte rett opp til Tydalssnebba sett uhyggeleg laus og bratt ut, så tanken var i utgangspunktet å sikte seg inn på Tydalsnebba Vest, og derifrå gå aust mot hovudtoppen. Når vi no var >>>
Slanglifjellet, Grinaren og smultringar
- Datum:
- 19.06.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
Ein flott rundtur med utgangspunkt i Todalen, som i tillegg til bestigning av Slanglifjellet og Grinaren gir god avkasting om ein samlar på Trollheimens smultringar. Rutene i dette området er frå før godt beskreve av fleire her inne, og stibeskrivelsen eg benytta denne dagen finnast i trollheim1 (Hallvard) si beskrivning av same tur. Difor er det ikkje stor nytte i å skildre ein allereie godt beskrive tur på nytt, så eg nøyer meg heller med eit par tilføyingar og kuriositetar.
Turen starta frå Storfjellstien P-plass, og mens sjølve stien opp til Stofjellet er fin og tydeleg, er "parkeringsplassen" verre å finne. Å omtale det som ein parkeringsplass er kanskje i overkant genereøst, da det er snakk om ein liten attgrodd lomme på nordsia av vegen, rett ved der stien startar. Eg endte med å >>>
Soloppgang på Raudfjellet
- Datum:
- 16.06.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
Ein gjeng hadde innlosjert seg på ei hytte ute i Helgetunmarka, og ein vakker solnedgang gav meirsmak på vakre naturscener. Rundt klokka tre den natta var søvnbehovet framleis ikkje alt for påtrengande, og tre av hytteturistane beslutta og sikte seg inn på Raudfjellet, i håp om ein fager soloppgang. Turen gjekk opp gruseveg og sti langs skilta og blåmerka rute til Raudfjellet. Rett før vi var oppe kryssa sola horisonten og ein ny dag tok til. Vel framme ved toppen låg ho framleis lågt og kasta eit vakkert ljos inn over Trollheimen. Overraskande fin utsikt frå eit fjell under 1000 moh litt i utkanten av fjellheimen. Her naut vi ei vakker og spesiell morgonstund før vi rangla nedatt.
Blåfjellet
- Datum:
- 13.06.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
Rundtur opp om Blåfjellet over Settemsdalen, med start og slutt frå Rognskog P-plass. Skilta opp til Blåfjellet langs fin skogsveg (til venste ved første og einaste vegkryss) som etter nokre hundre høgdemeter går over til blåmerka sti. Passerar ei hytte på høgre side, og følgjer tråkket som slanger seg opp til Klumptjønnhaugen, kor det står ein orienteringspost. Herifrå vidare opp over det store flate platået frå Blåfjellet nordøst til Blåfjellets hovudtopp. Fabelaktig panoramautsikt med mektige fjellrekkjer i sør og fjord, hav og stabbar i nord. Sola skinande bak eit tynt skylag skapte ei herleg ramme for kveldskaffen. Nedtur vidare på sti på vestsida, innom nok ei hytte og nordover om Grønbrona ved Bekkervatnet. Herifrå knota følgjet litt med å finne tråkk og blåmerking. >>>
Fossafjellet
- Datum:
- 08.06.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
Mens ein ventar på at dei større toppane i området skal kvitte seg med siste rest av snø og is, benytta eg og to andre anledninga til å besøkje ein av dei mindre toppane denne dagen. Med start frå P-plass ved oppstigninga til Kristianvarden i Kvenndalen tok vi oss over Kvenndøla via brua, og fulgte blåmerking inn til Kvennbøsetra. Herifår tok vi nedover og kryssa Fossåa, og fulgte derifrå terrenget rett opp mot første varde. Derifrå viare opp mot det høgste punktet, før vi fekk auge på storvarden som står heilt på kanten mot nord-vest. Lang og god rast i vakkert pinsevêr med utsikt mot både fjorder og fjell. Retur same veg.
Honnstadknyken - Sesongåpning
- Datum:
- 05.06.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
Barmarksesongen blei uoffisielt åpna denne vakre somardagen med tur opp til Honnstadknyken. Overraskande fine og tørre forhold heile vegen opp til toppen, og berre ein tre-fire mindre snøfelt måtte passerast før vi tørrskodd kunne skrive oss inn i toppboka for første gong i år. Medbragt kake og leske frå Frydenlund bryggerier markerte begivenheten. Utover Trollheimen kunne vi beskue kjente og kjære topper som fortalde historia om ein variabel vår der dei låg framleis glaserte av kvite fonner. Ikkje mange av dei store bydde endå på bestigning med småsko, men utsikta var likevel like innbydande som alltid. Ein fin start på det som forhåpentligvis blir ein begivenheitsrik topptursesong.
Påsketur over Viglene
- Datum:
- 16.04.2019
- Tourcharakter:
- Skitour
Ein tur som har ligge i tankane sidan Storviglen blei bestege påska for to år sidan. Å sikte seg inn på alle fire Viglene burde gje moglegheiter for god skuddpremie. Slik blei det, og etter å ha lagt fram plana slutta heile seks par ski seg til følgjet, og vi blei i alt sju som tok fatt på rundturen. Med start frå Vauldalen Fjellhotell gjekk det langs tråkka løyper inn til Ruten og riksrøyse nummer 149, før spora etter tråkkemaskina tok oss enda vidare over på svensk side rundt nordsida av Gråhøgda. Deretter ned på skarpt føre og over ein frossen Bolagen, før det blei rast ved hytta som ligg rett over på norsk side. Derifrå opp Slupkieh til det lågaste punktet på ryggen mellom Tverrviglen og Storviglen. Sistnevnte blei besøkt først, siste partiet utan ski. Nedkjøring >>>