Lort-, Grynnings- og Nonshø (21.04.2022)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 52min
Distance 29.7km
Vertical meters 1,900m
GPS
Ascents Fremre Grynningshøa (1,482m) 21.04.2022
Øst for Indre Grynningshøa (1,415m) 21.04.2022
Indre Grynningshøa (1,468m) 21.04.2022
Lorthøa (1,344m) 21.04.2022
Lorthøa Nord (1,161m) 21.04.2022
Lorthøa Nordvest (1,261m) 21.04.2022
Nonshøa (1,529m) 21.04.2022
Ein perfekt aprildag for uteaktivitet blei nytta i Storlidalen. Oppdalslosen hadde gode erfaringar frå området på sørsida av dalføret, og med eit litt småhissig skredvarsel den siste tida føltes det fornuftig å oppsøke litt slakare terreng. Med start frå Storlia parkering bar det innover og etter kvart oppover mot Grugguskaret, før vi tok austover og fekk registrert bestigning på ei lita handfull varianter av Lorthø. Vidare over toppen aust for Indre Grynningshø, før vi etter ein lett stakeetappe i spektakulære vinteromgjevnader forserte dei siste metrane opp til Fremre Grynningshø. Her bevilga vi oss ein lengre pause med framifrå utsikt ned til Ottdalen og over til Klingfjellmassivet. Framleis sol og ikkje eit einast vindpust - jakke, bokse og ka anna ein hadde pakka med i sekken fekk liggje urørt. Ny stakeetappe tilbake over Indre Grynningsdalsvatnet, og oppom Indre Grynningshø før Nonshøa blei forsert som dagens syvende og siste bestigning. Ned att via Grugguskaret med fin skikøyring i myk og solpåvirka snø.
Innerdalsfjella kjem til syne etter kvart som høgdemetrane auker.
Innerdalsfjella kjem til syne etter kvart som høgdemetrane auker.
Fjellrypene i området viste seg å ikkje være skvetne - eit av fleire nærgåande møter på turen.
Fjellrypene i området viste seg å ikkje være skvetne - eit av fleire nærgåande møter på turen.
Eit fantastisk området inne i Grynningsdalen, men drivkvite toppar rundt om på alle kantar.
Eit fantastisk området inne i Grynningsdalen, men drivkvite toppar rundt om på alle kantar.
Flott utsyn over mot Klingfjellet og Dovre lenger bak. Ein ser langt på dagar som denne.
Flott utsyn over mot Klingfjellet og Dovre lenger bak. Ein ser langt på dagar som denne.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.