Østmarka på langs (07.05.2021)


Tourcharakter Jogging
Tourlänge 3h 53min
Entfernung 30,0km
Höhenmeter 892m
GPS
Besuche anderer PBE Røyrivannskoia (190m) 07.05.2021 09:22
Øvresaga (225m) 07.05.2021 09:22
Når ein sit og studerar kart over område ein ferdast ein del i, dukkar det stadig opp idear - nokre meir realistiske enn andre. Når det no vart høve for eit sjeldant besøk til Østlandet måtte det harde prioriteringar til, og fullføring av lista Østmarkas høyeste topper måtte vike for eit anna mål, nemleg å få tilbakelagt heile Østmarkas lengde i eitt stort magadrag. Slik blei det buss til Ytre Enebakk og stistart, med målgang ved Blystadhytta nærmare 30 kilometer unna. Desse metrane blei forsert langs blåmerka turiststiar i variabelt terreng. Delvis langs lettløpt underlag med jevn, fast sti og grusvegar, delvis langs meir utfordrande løpeterreng som myr og ujamn sti med stein og røtter tett i tett. Fint er det uansett gjennom Østmarka, og med blå himmel og vakkert vårver blei det ein fornøyeleg tur langs både kjente og ukjente stier.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.