Gardfjellet (27.09.2020)


Duration 3h 17min
Distance 7.1km
Vertical meters 502m
GPS
Ascents Gardfjellet (975m) 27.09.2020 12:34

Ein vakker søndag i slutten av september blei ramma for ein fin liten tur opp til Gardfjellet vest for Gråsjøen i Folldalen. Vakre farger og klår luft typisk for årstida gjorde dagen rett så triveleg, og den ikkje alt for lange ruta opp til toppen blei ein rein fornøyelse. Ved stistart markert med skilt til Gråhaugen bar den innover i retning Trollheimshytta før skilt mot Gardfjellet markerte starten på stien opp lia. Bløtt for anledninga, men rett så fint når ein først kom seg opp på ryggen. Fin transport herifrå og til toppvarden, alltid under oppsyn av Snota på motsatt side av dalen.

Eit noko beskjedent skilt viser veg opp lia.
Eit noko beskjedent skilt viser veg opp lia.
Snota blir ein aldri lei av å ha i linsa.
Snota blir ein aldri lei av å ha i linsa.
Det blei ein avstikkar til demninga ved Gråsjøen etter returen, som for dagen viste seg frå si beste side.
Det blei ein avstikkar til demninga ved Gråsjøen etter returen, som for dagen viste seg frå si beste side.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.