Okla og omland (31.07.2020)


Duration 5h 42min
Distance 21.2km
Vertical meters 1,384m
GPS
Ascents Korgtjønntangen (1,292m) 31.07.2020 14:12
Øst for Okla (1,307m) 31.07.2020 14:55
Okla (1,582m) 31.07.2020 15:21
Buslættkamben (1,417m) 31.07.2020 17:20
Nonsfjellet (1,412m) 31.07.2020 17:37
Storbekkhøa (1,384m) 31.07.2020 17:53
Visits of other PBEs Langodden parkering (700m) 31.07.2020 13:09

Endelig skulle det kome ei finvershelg. Desse har det dessverre ikkje våre så alt for mange av somaren 2020, så når det no stod ei for døra måtte den utnyttast til det fulle. Etter ei initsiativmelding frå Trondheim blei plana klar; Gjevilvassdalen skulle være arena for ei minneverdig turhelg, og minneverdig blei det! I innhaldsfortegnelsen finn vi fottur i vakre fjellområde både fredag og laurdag, med telt, primus og sandstrand inn i mellom. Alt ein treng for ei perfekt helg med andre ord.

Fredag formiddag kryssa tre av i alt fem camparar Gjevilvassdalens portar, og så langt som inn til sandstranda på Rauøra blei bilvegen fulgt. Her var vi no ute i god tid før helgesleppet hadde kome seg ut frå Trondheim, så det var berre å velge og vrake i teltplass. Etter etablering av camp bar det i veg mot dagens turmål, først i bil rundt Gjevilvatnet til Langodden parkering, deretter i småsko og lett oppakning opp etter T-merka sti mot Bårshaugen over Okla.

Stien frå Langodden er god og lettgått, og stigninga opp lia er heller ikkje avskrekkande, spesielt ikkje om ein er vant med turstart frå Innerdalen eller Sunndalen. Det er heller ikkje værst å få lov til å starte turen på 700 høgdemeter, så ein slepp all småbjørk og anna armo ein finn i låglandet. Opp stien gjekk det no i sollide tursteg langs raude T-ar, bekker og lyng, og over oss varma den siste julisola både kropp og sjel. Opp lia flata no terrenget ut, og det blei lettgåtte kilometer innover høgfjellet som no låg framfor oss.
Ikkje noko problem å finne riktig veg her oppe.
Ikkje noko problem å finne riktig veg her oppe.
Kursen var satt mot Okla, og vi skulle klyve opp om austryggen (som er heilt uproblematisk og knapt krev handarbeid i det heile teke) og ned turstien som kjem frå sør. På vegen skulle og Kortjønntangen bestigast sidan to av tre i dagens turfølgje så smått samlar på smultringar. Som tenkt som gjort, og etter å ha runda rundt Korgtjønna på nordsida var vi etter nokre kjappe høgdemeter oppe på Okla, eller Snydda som toppunktet og blir kalla.

Ned frå Okla gjekk det no langs ura i sørleg retning etter raudmerking og etter kvart sti. Slakt terreng, men mykje grov ur, og vi konkluderte med at turen opp ryggen frå aust er den finaste ruta. Vi sjekka klokka og såg at ho ikkje hadde kome seg så langt, og frå Trondheim hadde det tikka inn melding om overtidsarbeid, så her var det inga grunn til å peke nasen mot teltduken enda. Dermed blei turstien forlatt til fordel for lettgått lyng opp i retning Nonsfjellet. Vi omgjekk Midtskarven i vest, og kom opp på ryggen rett vest for sjølve toppen på Nonsfjellet. Herifrå bar det bort til dagens tredje smultring, Buslættkamben. Fin utsikt ned i Storlidalen på tur bort hit, men sjølve underlaget var heller strevsamt å forsere da det bestod av større og mindre steiner vendt med kanten opp. Fram kom vi heldigvis uansett, og etter ei kjapp notering i boka gjekk vi same vegen tilbake over Nonsfjellet og til slutt ned ei snøfonn og over Storbekkhøa og dagens siste bestigning. På veg over hit såg vi ein reinsflokk som avkjølte seg på snøfonna.
Toppvarden på Buslættkamben...
Toppvarden på Buslættkamben...
...og Storbekkhøa
...og Storbekkhøa
No var det berre vegen ned til bilen som stod att. Vi valgte å omgå snøfonnene rett under Storbekkhøa da vi ikkje viste heilt kor bratt det var ned her, og vel nede spratt vi tørrskodd over dei små myrpartia som låg mellom oss og stien ned til Langodden. Ved Langoddbekken gjorde vi turens siste haldt og slukka tørsten, før det bar ned langs stien til bilen som stod og venta. Tilbake i camp var no byrampen også installert, og etter eit forfriskande bad og mat på primus gjekk praten laust medan Okla baska seg i kveldssol, fram til myggen tok overhand og det var dags for å stenge att teltduken. For seint kunne det uansett ikkje bli, for planane for neste morgon var ikkje små.
Kvelden senker seg over Gjevilvatnet.
Kvelden senker seg over Gjevilvatnet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.