Kvannjolfjellet (28.07.2020)


Duration 2h 53min
Distance 11.9km
Vertical meters 963m
GPS
Ascents Kvannjolfjellet (1,127m) 28.07.2020 10:49
Visits of other PBEs Kårvatn p-plass (210m) 28.07.2020 09:18

Det var meldt litt sol frå morgonen av før ettermiddagsbygene skulle slå innover Todalen, så med ein relativt tidleg start frå Kårvatn burde det være moglegheit for ein rask formiddagstur i opphaldsver. Derimot var det spådd bra med vind i fjellet denne tysdagen, så med vindjakka lett for hand bar det no i veg frå Kårvatn p-plass med Kvannjolfjellet som mål.

Hit går den kortaste vegen opp lia rett aust for Nauståfossen, kor ein overraskande fin sti tok meg raskt opp den bratte lia. Inn til stistart følgjer ein berre vegen inn til Nauståfossen, som til tider er veldig blaut. Inne ved fossen, som no kom ned med imponerande vannføring, går det ei bru over elva kor stien startar.

Nauståfossen er eit imponerande skue!
Nauståfossen er eit imponerande skue!
Brua som fører over elva.
Brua som fører over elva.

Vel oppe den bratte lia flata det no litt ut når ruta gjekk rundt på nordsida nedunder Knubban. Framleis kunne ein skimte stien, men etter kvart som terrenget blei meir prega av myr blei også sporet meir sporadisk, og til slutt heilt borte. Terrenget var uansett slik at ein skjønte godt i kva retning ein skulle.

Sola stikk seg så vidt fram mellom dei to Knubbane.
Sola stikk seg så vidt fram mellom dei to Knubbane.

No var det berre eit spørsmål om kor ein skulle skjære av og byrje på oppstigninga mot skaret mellom Knubban og Kvannjolfjellet. Valget blei ei nokså direkte rute opp nedunder Nordre Knubban. La det være sagt med ein gong: dette er ikkje den riktige ruta opp! Mosegrodd ur, bregner, bjørk og bratt terreng er sjeldan oppskrifta på ei oppstigning ein husker som fornøyeleg. På GPS-sporet for turen er det altså "yttersvingen" eg fulgte ned att som er rett veg både opp og ned. Her finnes det eit relativt tydeleg dyretråkk som meir eller mindre kan følgjast heile vegen opp til topps når ein først finn det, og opp gjennom vegetasjonen er det absolutt minste motstands veg. Starten på tråkket over myra er markert med nokre plastremser hengt i eit tre (sjå bilete under).

Markering av stien/dyretåkket som viser lettaste veg opp.
Markering av stien/dyretåkket som viser lettaste veg opp.

Når eg etter nokre strabasiøse meter var gjennom vegetasjonen tok eg meg så fram til den relativt smale passasjen mellom Knubban og Kvannjolfjellet, og herifrå byrjar oppstigninga til sjølve toppryggen. Sjølve ryggen her oppe er lang, og spissen ein kan beskue nede frå Kårvatn er berre starten, og ikkje hovudtoppen på Kvannjolfjellet. Ein kan velge å gå nokså rett opp og følgje ryggen bortover mot toppen, eller følgje stien/dyretråkket som går eit stykke innover nedunder toppryggen på nordsida. Eg gjekk for ei slags mellomløysing og kunne etter kvart skimte toppvarden i det fjerne. Vel oppe kunne eg for første gong på turen verkeleg kjenne på vinden som no herja i området, og med sterk kuling i kasta var det berre å sette sjøbein bortover. Opp gjekk det, og etter den siste bratte kneika kunne eg innta varden. Nåla på peakbook er derimot plassert på ein kolle nokre hundre meter lengre aust bortover ryggen, og det er faktisk her ein finn det høgste punktet (to meter høgare enn borte ved varden skal vi tru målaren). Dermed blei det staka ut ein kurs bort hit, og tilbake igjen til varden kor slik le ein kunne finne gjorde det mogleg for ein kort rast.

Ser tilbake mot varden frå toppen av Kvannjolfjellet.
Ser tilbake mot varden frå toppen av Kvannjolfjellet.

Utsikta var fin, men vinden var sterkare, og no byrja uversskyane i sør å kome uhyggeleg nær, så det var berre å kome seg ned att. Retur meir eller mindre same veg som opp, med unntak av riktig veg ned i vegetasjonen, som nevnt. No kunne utsikta nytast siste biten før skogen og nedstigninga til fossen, og vel nede blei det slått fast at turen var rett så fin, og ikkje så alt for lang om ein nokon gong ser etter ein frisk formiddagstur.

Fin utsikt når ein kjem opp lia og ut av skogen, her mot Tydalsnebba, Tverråbotnfjellet og Strankåbotnfjellet
Fin utsikt når ein kjem opp lia og ut av skogen, her mot Tydalsnebba, Tverråbotnfjellet og Strankåbotnfjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.