Fauskånebbene (25.07.2020)


Duration 4h 24min
Distance 12.2km
Vertical meters 1,178m
GPS
Ascents Fauskånebba (1,122m) 25.07.2020 15:23
Indre Fauskånebba (1,324m) 25.07.2020 16:08

Ein måtte være litt tålmodig denne laurdagen skulle ein få godt turver, men når klokka nærma seg ett byrja ting å skje oppe på himmelen, og skyar måtte gje tapt for solvarmen. Slik verbruk måtte utnyttast, og med småsko og rask oppakning gjekk det no i friskt tempo opp den bratte grusvegen mot Fauskåvatnet.

Turstart fann vi ved å køyre inn til parkeringsplassen i starten på Søyadalen og herifrå køyre over brua med grind. Vidare på andre sida går det nokre hundre meter før grusvegen går opp lia. Her er det også ein parkeringslomme med god plass til både ein og to bilar. Vegen er bratt og sola var varm, men om ikkje lenge flata det ut og det var dags for å forlate grusvegen og krysse bekken som kjem ned frå Fauskåvatnet. Det markerte starten på slutten av luksuslivet, og herifrå var det myr og ulendt terreng til ein kjem seg over tregrensa. Først flatt inn til lia kor det er vanskeleg å sjå noko beste veg opp, men opp kom vi. Når ormgras, småbjørk og anna gaupeterreng var forsert skifta turen fortegn, og det blei ei rett så fin oppstigning siste biten til Fauskånebba. Vakker utsikt frå toppvarden her!

Tannlegene Lund poserer ved varden.
Tannlegene Lund poserer ved varden.
Frå varden mot vegen vidare opp til Indre Fauskånebba. Snøfonna som sette ein stoppar for turen til Seterfjellet kan sjåast i bakgrunn.
Frå varden mot vegen vidare opp til Indre Fauskånebba. Snøfonna som sette ein stoppar for turen til Seterfjellet kan sjåast i bakgrunn.

Vidare gjekk vi mot det antatt høgste punktet på Fauskånebba kor plana var å ta seg ned mot Seterfjellet for eit besøk dit. Der vi hadde tenkt oss ned låg det framleis ei stor snøfonn i eit terreng som er såpass bratt at det var uaktuelt å ta seg ned her. Ruta måtte derfor ha blitt lagt eit godt stykke lenger nord og rundt enn vi tenkte, og vi konkluderte med at dette blei i overkant langt denne ettermiddagen. Alternativet blei ein rask avstikkar mot Indre Fauskånebba, kor kun undertegnede hadde vært oppe før. Veldig lettgått og fint opp til Indre Fauskånebba, og flott utsikt mot Snota, Neådalssnota, Fruhøtta og Rognebba. Ein god del nysnø på dei høgste toppane. Herifår vurderte vi på nytt moglegheita for å kome oss opp på Seterfjellet, denne gongen frå skaret mellom Indre Fauskånebba og Blånebba, men atter ein gong sette snømengden ein stoppar for planane, så Seterfjellet blei satt att til ei mogleg vinterbestigning frå Vindøldalen. Det blei heller ein bedre rast på toppen, og fru Lund bidrog godt med heimelaga kanelsnurrar.

Kursen blei så satt nedover, og ned frå Indre Fauskånebba runda vi nedunder Fauskånebba for å spare oss nokre høgdemeter. Dessutan fann vi eit bedre dyretråkk her som det var fint å følgje eit godt stykke. På denne etappen var det makalaus utsikt til Trollhøtta og Søyadalen som no bada i julisola. Det var alldeles som diktaren skreiv...

...d e så hjarte i brengånnj bråna.
...d e så hjarte i brengånnj bråna.

Noe motvillig måtte vi etter kvart forlate lettgått terreng og fantastisk utyn til fordel for brattlendt bjørkeskog og ormgras. Ikkje var det triveleg på veg opp, og ikkje hadde det blitt noko bedre på tur ned. Nokre glepptak og strabasiøse meter seinare var vi heldigvis nede, og kunne finne att til grusvegen som tok oss ned til bilen. Ein variert tur til to verkeleg fine toppar.

Herr Lund helsar lia takk for turen som seg hør og bør.
Herr Lund helsar lia takk for turen som seg hør og bør.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.