Hovsnebba og Rebekka (27.06.2020)


Duration 9h 18min
Distance 7.1km
Vertical meters 1,580m
GPS
Ascents Rebekka (1,435m) 27.06.2020 07:34
Hovsnebba V2 (1,508m) 27.06.2020 10:40
Hovsnebba V1 (1,533m) 27.06.2020 10:51
Hovsnebba (1,554m) 27.06.2020 10:59
Hovsnebba Ø1 (1,552m) 27.06.2020 11:03
Hovsnebba V3 (1,484m) 27.06.2020 12:54
Visits of other PBEs Flaggnuten - Lett klyving (200m) 27.06.2020 07:54
Flaggnuten (431m) 27.06.2020 08:26
Galleriet (575m) 27.06.2020 08:48
Hovsnebba til V2 - Lett/middels klyving (1,540m) 27.06.2020 10:51
Hovsnebba V2 til V3 Middels klyving (1,490m) 27.06.2020 12:45
Rebekka - Krevende klyving (1,440m) 27.06.2020 13:08
Parkering Flaggnuten/Hovsnebba (3m) 27.06.2020 16:40

Det har tydelegvis blitt ein vane å benytte somarens varmaste dag til å bestige Hovsnebba, for nok ein gong hadde meterologane lova over 30 grader på dagen som var valgt ut til ein tur opp hit. Sist var vi berre to som tok oss opp dei vel 1500 høgdemetrane i varmen, men denne gongen mønstra heile fem klyvarar nede ved parkeringa, klare for å ta fatt på begivenheten. For fire var det aller første gong, og ein spolerer vel ikkje nokon overraskelse om ein allereie no avslører at alle fire etter endt tur var enige om at dette er ein verkeleg flott topp!

Klok av suksess frå i fjor kryssa vi fjorden tidleg på morgonen, og var klare til marsj før sola hadde kome seg til denne delen av dalføret. Ingen problem opp til Flaggnuten, som vi tok oss tid til å besøke. Kort bildeseanse før vi fortsette oppover skogen. Galleriet blei også i år forsert utan problem, og oppe over tregrensa blei det ein matbit før vi tok fatt på dei siste metrane opp mot toppryggen, no med sola steikande i sida, men med ein frisk bris i ryggen som kompensasjon. Å finne vegen opp til og bortover ryggen går veldig fint, så herifrå er det berre å nyte ei fantastisk utsikt inn mot Kalkmassivet, Dovre, Eikesdalen og alt anna øyegodt fjellheimen har å by på.

Fin utsikt innover Sunndalsfjella på veg over ryggen.
Fin utsikt innover Sunndalsfjella på veg over ryggen.

Følgjet på fem omgjekk dei to klyvepunkta langs ryggen om sørsida, og skred ufortrødent og sjølvsikkert fram mot toppunktet. Her blei det å ta innover seg den fenomenale utsikta og notere seg inn i toppboka. Vi lot oss fascinere over at den har ligge her sidan 1979!

Fornøgd førstegongsreisande jubler over forholda. Kongskrona stemmer i.
Fornøgd førstegongsreisande jubler over forholda. Kongskrona stemmer i.

For andre gong kunne eg dra fram ei suksesshistorie frå i fjor, og vi tok oss over til Ø1 kor forholda ligg meir til rette for ein god rast. Ei fin stund i solveggen kor vi tok oss tid til å lade batteria godt, for vi hadde store planer for returen.

Toppunktet inntatt på returen frå Ø1.
Toppunktet inntatt på returen frå Ø1.

På veg tilbake fortsette vi opp til toppen V2, og herifrå vidare ned mot V3. Først eit stykke langs ryggen før vi omgjekk den heftigste klyvinga ved å gå ned nokre høgdemeter til ei renne som for dagen var delvis fylt med snø. Likevel greit å ta seg opp renna som vi då kryssa, for så å følgje ryggen opp til V3. Her hadde vi no god oversikt over det som var dagens store mål for undertegnede, nemleg pinakklane nedanfor V3, nærmare bestemt Rebekka.

Pinakklane sett frå V3. Tande til høgre, Rebekka til venstre.
Pinakklane sett frå V3. Tande til høgre, Rebekka til venstre.

Vi rusla ned eit stykke langs ryggen og fekk inspisert Tande på nært hold. Ingen ambisjon om å bestige denne herren, då det er langt over mitt nivå! Her valgte tre av følgjesvenene å snu og vente, medan den fjerde tok på seg fotografoppdrag og fulgte med ned under Tande med kameraet i sekken. Eg sjølv la att ryggsekken (og mobil, derav manglande GPS-spor på denne delen av turen) ovanfor Tande for full friheit på siste biten opp til Rebekka. Eg hadde rådført meg om rutevalg på førehand, og vi sikta oss derfor inn ned og under Tande på sørsida. Ned her er det mykje laus stein/ur, så vi tok oss god tid og kontrollerte at neste steg blei satt på trygg grunn. Under Tande blir det veldig luftig og utsatt, og man må forsere eit kort sva og nokre hyller kor ein blir tvungen til å finne grep i fjellveggen og lene seg litt ut mot kanten. Vi kjente litt på suget her, med ved å ta oss god tid og kjenne godt på alle tak og fotfester kom vi oss greit over. No var vi rett under Tande, og følgjesven og fotograf aarvag (Steinar Aarvåg) tok plass for å dokumentere. Herifrå må ein klyve ned eit stykke. Eg endte med å klyve ned meir vendt mot nord. Her er det ikkje så luftig som mot sør, men etter kvart dårlege tak for armer og bein. Kom meg likevel greit ned, men oppdaga på returen opp og tilbake at den riktige ruta ned/opp her ligg vendt mot sør kor det er luftigare og for så vidt meir utsatt, men mykje betre tak. Vel nede var det no berre rosinen i pølsa som stod att. Rett til frontangrep på Rebekka, før ein rundar rundt på sørsida (her finn ein og klyverutas luftigaste punkt) og tek seg opp dei siste høgdemetrane frå baksida. Ein makalaus følelse å forsiktig kunne reise seg opp på toppen av Rebekka. Det var som om ein hadde Sunndalen og fjorden 1500 meter rett under skosålen. Posering for kamera før ein kunne ta returen nøyaktig same veg, like roleg og konsentrert som på veg opp.

Endelig! Ingen dårlig følelse å kunne sette foten på Rebekka.
Endelig! Ingen dårlig følelse å kunne sette foten på Rebekka.
Berre å sette sjøbein på toppen.
Berre å sette sjøbein på toppen.
Skuer rett ned i Sunndalen.
Skuer rett ned i Sunndalen.

Då vi hadde returnert til resten av dagens følgje og teke oss tilbake inn på normalruta hadde vi brukt totalt to timar på avstikkaren, men det var det vel verdt! Å stampe tærne fram i skoa og svette skjorta av seg i det som no hadde blitt ein rett så varm junidag la inga demping på stemninga og godfølelsen. Vel nede konkluderte vi med at Hovsnebba er ein topp vi alle ønskjer å besøke att, for det er verkeleg ein kremtopp i eit fantastisk fjellområde!

NB! Av ukjent grunn er det nok eit relativt stort avvik på registrert kilometeravstand på denne turen. Tur-retur er godt over 7 km.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.