Losby - Kurland (13.06.2020)
Start point | Losby (171m) |
---|---|
Endpoint | Kurland (221m) |
Characteristic | Trip by foot |
Duration | 3h 53min |
Distance | 20.3km |
Vertical meters | 772m |
GPS |
![]() ![]() |
Ascents | Langmyråsen (356m) | 13.06.2020 10:10 |
---|---|---|
Ottedagersåsen (335m) | 13.06.2020 11:06 | |
Mørkåshøgda (350m) | 13.06.2020 11:50 | |
Regnåsen (346m) | 13.06.2020 12:05 | |
Jarseteråsen (346m) | 13.06.2020 12:38 | |
Petteråsen (347m) | 13.06.2020 13:01 | |
Visits of other PBEs | Losby Øvre Parkering (174m) | 13.06.2020 10:10 |
Vårens siste langtur for å samle inn nokre toppar i Austmarka. Alternativ variant til den klassiske "rundturen" denne gongen, med skyss inn til Losby og endestasjon ved stuedøra.
Frå parkeringa på Losby bar det innover på grusvegen forbi Mønevannet og over demninga inne ved Tangen. Fin sti rundt til ein kjem inn på grusvegen att. Inne ved dalen som går opp nedanfor Ottedagersåsen var det eit svakt tråkk som det gikk greit å følgje. Opp på Ottedagersåsen og dagens første topp. Ned i ikkje alt for tett skogsterreng til Nordre Bjørtjern, rundt på nordsia og inn i ein stor granskog. Fann etterkvart ein sti som går langs bekken gjennom her i retning Mørkåshøgda og dagens andre topp. Deretter var det berre å bane seg veg brattlendt nedover i dalen og opp på andre sida til Regnåsen. Gjenta prosessen, og så hadde ein og fått med seg Langmyråsen også. Nok ein gång bar det ned i dalen og opp på andre sida, men denne gongen blei det dog litt meir strabasiøst, da nokon har drevet skogsarbeid på barskogen her. Mange tre var felt, men få teke bort, så det det var to godt oppskråpa legger som til slutt var nede i dalføret etter eit besøk på Jarseteråsen. Dei fire første toppane er avbilda under. Ikkje mykje til utsikt, men fint på tur uansett.
No venta ein litt lengre etappe for å kome seg inn under dagens siste topp, Petteråsen. Stien som står markert på kartet inn hit var i byrjinga veldig blaut og utydeleg, men blei etter kvart til god skogsveg. Inne ved Fiskelausa var det berre å nok ein gong peile seg inn ei direkterute opp til Petteråsen, medan aktiviteten frå den lokale skytebanen kunne høyrast i det fjerne. Vel opp gjenstod no berre siste strekke på heimvegen. Bratt og tett ned til stien som går på sørsida av Ramstadsjøen, som blei fulgt tilbake til nordenden. Derifrå var det no berre den kjente vegen inn mot Åmotdammen att, og vel nede ved Kurland var føttene godt møre, men sinnet var lett etter nok ein fin tur i Austmarka!
User comments