Runde rundt Halsjøen (19.04.2020)


Start point Fredheim skole
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Gardfangåsen (336m) 19.04.2020
Haugerkollen (355m) 19.04.2020
Mortvannsåsen (358m) 19.04.2020
Rudsvangholtet (335m) 19.04.2020
Svartåsen (361m) 19.04.2020
Sæterkollen (344m) 19.04.2020
Tronfjellet (360m) 19.04.2020

Ein av fleire finversdagar bydde opp til ein lengre tur i Østmarka, denne gongen med utgangspunkt frå Skulerud, kor det blir vist til parkering ved Fredheim skole. På grusveg innover mot Skulerud gård, kor veg blir til sti og turen byrjar.

Oppover i granskogen i retning Knuttjern går det sti i fleire retningar, og det blei litt undring over vegen før eg endte opp ved kraftlinja som går over ei høgde aust for Knuttjern. Derifrå tok eg meg ned i nordvestleg retning og endte til slutt opp på vegen heilt ved nordenden av det nokså idylliske tjernet. Derifrå fulgte eg vegen opp til dens høgste punkt, kor eg tok av og byrja på stigning opp mot Haugerkollen og dagens første topp. Ingen sti å finne her, men overraskande framkomelege, og dette skulle bli gjengangeren for dagens mange rutevalg. Toppen er ikkje spesielt markert, men nokre steinar og antydning til ferdsel tyda på at ein var framme.

Herifrå og opp på dei to neste toppane gjekk ruta så og seie direkte sørover. Rett ned, over kryssande stiar, og rett opp att. Eit mønster tok form: ingen sti, men greit framkomeleg, og ingen spesielt markerte toppar, men nok til at ein skjønte ein var framme. Slik var munduren over både Sæterkollen og Gardfangåsen, før Rudvangsholtet stod for tur.

Eit utvalg av dagens topper. Frå venste mot høgre har vi Sæterkollen, Mortvannsåsen, Tronfjellet og Svartåsen:
Idylliske omgivelser for ein rast rundt Halsjøen.
Idylliske omgivelser for ein rast rundt Halsjøen.

Frå Gardfangåsen tok eg ned mot Halssjøputten, og gjekk på skå mot den sørlige enden. Her bars det bratt ned i den smale Puttedalen og rett opp på andre sida, over nokre knausar, og opp til Rudsvangholtet som ligg i det åpne området rydda for kraftlinjene. No bars det ned langs kraftlinja til vegen som kjem opp frå sør, og sola varma både kropp og sinn no når ein for ein gongs skuld gjekk klar for skjerming av gran og furu.

Nede ved vegen gjekk ruta nordover og opp mot Mortvannsåsen. Turen opp gjekk langs sti som forsvinn eit stykke opp i lia, og derifrå blei det navigering i tett granskog opp til toppen. For første gong i dag ein tydeleg varde, og plutseleg også tydeleg sti! Denne fulgte eg ned att, og den viste seg å ta meg heilt ned til vegen, som no blei fulgt til vegskillet mellom Halsjøen og Drettvannet. Eg gjekk mot førstnevnte, og slo meg ned for ein rast ved Lombardiet. Her var plana opprinneleg å følgje Halsjøen til endes for så å gå om Skullerudtjern ned att til Skulerud gård, men sola varma, dagen var enda ung, og i beina var det enda krutt og i sekken enda niste. Derfor blei det vedteke å heller ta stien mot Losby, og på vegen raske med seg Tronfjellet og Svartåsen. Som sagt som gjort, og nede ved parkering ved Losby skytebane var ein sju toppar rikare.

Alt i alt ein flott tur, dog til toppar eg nok ikkje besøker igjen, og kanskje ikkje vil anbefale til dei som går utelukkande for utsynet sin del.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.