Hovsnebba (27.07.2019)


Start point Parkering Flaggnuten (3m)
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Hovsnebba (1,554m) 27.07.2019
Hovsnebba V1 (1,533m) 27.07.2019
Hovsnebba V2 (1,508m) 27.07.2019
Hovsnebba Ø1 (1,552m) 27.07.2019
Visits of other PBEs Bjønnalauvet (765m) 27.07.2019
Flaggnuten - Lett klyving (200m) 27.07.2019
Flaggnuten (431m) 27.07.2019
Galleriet (575m) 27.07.2019
Hovsnebba til V2 - Lett/middels klyving (1,540m) 27.07.2019

Ein varm julidag hadde blitt utvald som ramme for bestigning av Hovsnebba, ein topp som lenge hadde stått og freista med sine loddrette klipper ned mot Sunndalsøra. Følgjet på to starta frå parkeringsplassen rundt klokka 08:30 i håp om å unngå den verste varmen, og å ha kome seg eit stykke opp i bakken før sola runda hjørnet og byrja på oppvarminga av Sunndalen sin nordvegg.

Vel i veg blei dei to klyvepartia opp mot Flaggnuten forsert utan problem, og kjettingane fekk stå urørt denne dagen. Framme ved Flaggnuten blei det ein liten rast, før vi på nytt tok fatt på stien opp mot Hovsnebba. Inne i vegetasjonen hadde sola no byrja å varme, men etter å ha passert over tregrensa gjorden ein sval vind sitt for at det blei rett så behageleg å ta seg oppover. Ein ny avstikkar til Bjønnalauvet med ein ny rast markerte starten på det siste lange partiet opp mot ryggen av Hovsnebba. Mykje bratt gange og enkel klyving tok oss etter kvart opp på ryggen, der vi tok opp til høgre rett aust for V2. Derifrå blei ryggen fulgt bortover til toppen utan problem denne tørre og varme dagen. Vel oppe blei det signering i boka, før vi tok oss over til Ø1, som frå hovudtoppen såg ut til å kunne skilte med bedre forhold for ein rast i "solveggen".

Posør på toppen av Hovsnebba fotografert frå Ø1.
Posør på toppen av Hovsnebba fotografert frå Ø1.
På veg opp mot ryggen med Kalkmassivet som bakteppe.
På veg opp mot ryggen med Kalkmassivet som bakteppe.

Etter ein god time på toppen rangla vi ned same veg som opp, med tilføyinga av ein avstikkar opp på toppen av V2. Opprinneleg var plana å gå viare til V3 og derifrå undersøke pinakklane som står under, men turfølgjet hadde fått nok utan å skulle skøyte på nedstigninga ytterligare, så det blei utsatt. Det er derfor klart at ein må besøke Hovsnebba att ved ei seinare anledning, og få med seg meir av alt dette fjellområdet har å by på.

User comments

  • -
    avatar

    HS

    Written by erlendlu 15.08.2019 15:03

    «Turfølgjet hadde fått nok»

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.