Slanglifjellet, Grinaren og smultringar (19.06.2019)


Start point Storfjellstien P-plass (218m)
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Grinaren (1,528m) 19.06.2019
Grinaren Sørøst (1,472m) 19.06.2019
Grinaren Nordvest (1,484m) 19.06.2019
Grinaren NØ (1,203m) 19.06.2019
Grinaren V (1,352m) 19.06.2019
Grinarhøa (1,034m) 19.06.2019
Litjgrinaren (1,026m) 19.06.2019
Slanglifjellet Vest (1,422m) 19.06.2019
Slanglifjellet (1,488m) 19.06.2019
Nordre Storfjellet (904m) 19.06.2019
Søndre Storfjellet (1,010m) 19.06.2019
Visits of other PBEs Storfjellstien p-plass (218m) 19.06.2019

Ein flott rundtur med utgangspunkt i Todalen, som i tillegg til bestigning av Slanglifjellet og Grinaren gir god avkasting om ein samlar på Trollheimens smultringar. Rutene i dette området er frå før godt beskreve av fleire her inne, og stibeskrivelsen eg benytta denne dagen finnast i trollheim1 (Hallvard) si beskrivning av same tur. Difor er det ikkje stor nytte i å skildre ein allereie godt beskrive tur på nytt, så eg nøyer meg heller med eit par tilføyingar og kuriositetar.

Turen starta frå Storfjellstien P-plass, og mens sjølve stien opp til Stofjellet er fin og tydeleg, er "parkeringsplassen" verre å finne. Å omtale det som ein parkeringsplass er kanskje i overkant genereøst, da det er snakk om ein liten attgrodd lomme på nordsia av vegen, rett ved der stien startar. Eg endte med å parkere ved det som så ut som byrjinga på ein attgrodd traktorveg ca 20 meter lengre vest, rett ved der Myrøkja renn under vegen.

Storfjellstien ser ein starten av til høgre. «P-plassen» er den attgrodde lomma til venstre.
Storfjellstien ser ein starten av til høgre. «P-plassen» er den attgrodde lomma til venstre.

Vel oppe ved hytta der stien ender tok eg ein liten avstikkar opp til Nordre Storfjellet før eg gjekk innatt på sporet opp til Søndre Storfjellet og dagens første smultring. Deretter la eg ruta til Grinaren NØ opp om toppunktet på Grinarhøa. Denne toppen står som peakbookelement registrert med 1034 høgdemeter og ein primærfaktor på 29 meter, men er likevel ikkje ein smultring, då den hverken inngår i lista, eller har to eigne ringar på kartet. Dette må då bety ein av to ting: at definisjonen av ein smultring (topp minst 1000 moh, med minst 20 m primærfaktor) ikkje er absolutt, eller at opplysningane om Grinarhøa ikkje stemmer, og at primærfaktoren i realiteten er under 20 m.

Uansett gjekk resten av turen etter rutebeskrivinga nevnt innleiingsvis, i fin og stort sett lettgått ur. Ein fin rundtur med strålande utsikt over Innerdalsfjella.

Innerdalsfjella gir eit dramatisk bakteppe til turen.
Innerdalsfjella gir eit dramatisk bakteppe til turen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.