Soloppgang på Raudfjellet (16.06.2019)


Startpunkt Langvatnet vinterparkering (461m)
Tourcharakter Fußtour
Karte
Besteigungen Raudfjellet (952m) 16.06.2019

Ein gjeng hadde innlosjert seg på ei hytte ute i Helgetunmarka, og ein vakker solnedgang gav meirsmak på vakre naturscener. Rundt klokka tre den natta var søvnbehovet framleis ikkje alt for påtrengande, og tre av hytteturistane beslutta og sikte seg inn på Raudfjellet, i håp om ein fager soloppgang. Turen gjekk opp gruseveg og sti langs skilta og blåmerka rute til Raudfjellet. Rett før vi var oppe kryssa sola horisonten og ein ny dag tok til. Vel framme ved toppen låg ho framleis lågt og kasta eit vakkert ljos inn over Trollheimen. Overraskande fin utsikt frå eit fjell under 1000 moh litt i utkanten av fjellheimen. Her naut vi ei vakker og spesiell morgonstund før vi rangla nedatt.

Vakrare ljos enn det ein soloppgang gir skal ein vel lete lenge etter.
Vakrare ljos enn det ein soloppgang gir skal ein vel lete lenge etter.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.