Store trolla - størst i Trollheimen (03.09.2017)


Start point Hoåsbrekka P-lomme (113m)
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Store Trolla S2 (1,827m) 03.09.2017
Store Trolla (1,842m) 03.09.2017
Visits of other PBEs Fossa (920m) 03.09.2017
Fossa Steinhelle (925m) 03.09.2017

Store Trolla, høgste fjellet i Trollheimen, har både form og karakteristikk ein konge verdig. Med krona lagt pent frå seg rett vest over Grasdalen, rager Trollheimens hersker spiss og massiv opp mot himmelen. Få topper freister vel meir i Trollas heim enn Trolla sjølv, og fleire i tillegg til undertegnende hadde lenge lengta etter å kunne beskue Nordvestlandet herifrå. Derfor var det enkelt å svare ja da forespørselen kom om ein ikkje skulle spikre saman eit turlag og sette seg Trollheimens tak som mål. Rundt klokka 9 ein solfylt søndags morgon mønstra fem mann nede ved Hoåsbrekka, med eitt mål for auge.

Opp Hoåslia langs tydeleg, men til dels smal og delvis grasdekt sti, som skulle vise seg å sette både balanse og tolmod på prøve når ein 10 timar seinare skulle forsere same lia nedover. Vel oppe og over Fossa Steinhelle blei det ein ordentleg rast før vi gjekk inn mot Fossbotnin. Tok relativt seint av oppover ura, og forserte dei første hyllene som sperra vegen oppover. Kom etter kvart inn på ein sti som vi mista og fann fleire gonger, før vi kom opp på det øverste hyllesystemet som førte fram til renna ein følgjer opp til ryggen. Etter kvart ganske laust, men uproblematisk opp til ryggen kor utsikta over Innerdalen openbara seg. Derifrå var det berre å ta fatt på ein fantastisk rygg bortover mot målet. Denne traversen smalar gradvis av etter som ein nærmar seg S2-toppen, og følgjet begynte å spekulere i om det verkeleg var her ein skulle gå. Når ein kjem heilt inn på den lille fortoppen løyser det seg i midlertid rett så fint, og vegen gjekk vidare til den steile S1. Her var følgjet godt forberedt, og ruta ned på vestsida var allereie kartlagt. Her løyste ting seg lettare enn ryktet skulle ha det til, og på tørt føre var alle komfortable. Med det gjenstod berre sjarmøretappen opp, før ein kunne ta inn over seg ei makalaus utsikt, og notere seg inn i toppboka. Retur same veg. Ein fantastisk tur til ein fantastisk topp som lever opp til sitt renommé.

Initiativtakar for turen tek plass på toppunktet, i oransje for anledninga.
Initiativtakar for turen tek plass på toppunktet, i oransje for anledninga.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.