Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1762)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Steinkorsen og Blåfjellet
- Dato:
- 12.01.2025
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 4:22t
- Distanse:
- 15,9km
Det gjeld å nytte finværet mens ein har det! Tenkte eg skulle ta ein tur i nærområdet i dag, sidan det blei litt køyring. Fann ut at truger var akkurat det som passa. Og det viste seg at eg hadde rett. Fint opptråkka med truger opp til Steinkorsen, så det hadde nok vore greitt med broddar. Men frå Steinkorsen var det blanda føre. Litt avblåst enkelte stader og enkelte stader var det djup snø. Eg fann etter kvart ut at eg skulle sjekke om eg fekk nokon til å hente meg ved Bunestølen, ettersom det er litt kortare og litt raskare rute enn å gå retur samme vegen. Dette er uansett ei fin runde. Heldigvis ordna det seg og eg kunne korte ned turen bittelitt. Fin tur på ein slik dag.
Rimmane og Ørnafjellet
- Dato:
- 27.03.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 3:57t
- Distanse:
- 11,7km
Værmeldingane i dag var så som så, så eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta ein lengre tur. Men då eg såg ut vindauget var være mykje betre. Valet i dag falt på Rimmane og Ørnafjellet. Eg forstod raskt at dette kunne bli ein vindfull tur, men det gjer ikkje så mykje, så lenge ein har gode klede.
Eg fann også ut at truger kunne være tingen i dag, ettersom det har vore tendens til litt skare og eg ikkje er så frykteleg glad i bratt nedkøyring. Truger var heilt innafor ettersom skaren faktisk var langt opp i lia. Tok ein avstikkar på vestpunktet på Rimmane før eg gjekk til topps på Rimmane. Eg fortsatte mot Ørnafjellet, som kanskje er litt bratt oppover med truger.
Heilt OK tur med mykje betre vær enn frykta.
Dyreheia
- Dato:
- 20.03.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 0:58t
- Distanse:
- 2,9km
Dunheia og Svinestranda
- Dato:
- 09.03.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 5:32t
- Distanse:
- 21,8km
Solskinnsdag som var meldt i nokre dagar og då såg eg mulighet for ein ny topp. Eg hadde eigentleg tenkt å gå med fjellskia, men eg hadde høyrt at det skulle være rimelig hardt i høgda denne perioden. Så då var det tryggast å velje trugene, eventuelt broddar.
Starta med brodder og gjekk etter kvart over til truger. Køyrde opp ved Kvile og så langt eg turte med bilen. Derfrå gjekk eg opp ein traktorveg og vidare opp mot Kvilestølen
Sikta meg opp mot skaret mellom Snøheia og Dunheia. Fortsette mot toppen av Dunheia for ein liten stopp før eg gjekk vidare med sikte mot Frøyseteggene og deretter til Blånibba. Eg fann ut at det ikkje var så langt bort til Svinestranda, så då tok eg rett og slett ein svipptur bort dit. Gjekk rett mot skaret midt på Svinestranda og tok med begge >>>
Trugetur frå Ramstad
- Dato:
- 10.02.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 5:03t
- Distanse:
- 17,2km
Parkerte ved Ramstad p-lomme og fulgte tråkka rute opp forbi Ramstadstølen og eit stykke før eg tok av sporet og sikta meg inn på toppen av Kvannfjellet. Eit lite stykke før toppen merka eg vinden godt, så det vart ikkje noko matpause på toppen. Gjekk vidare til Steinheia og deretter Høgefjellet før eg sikta meg inn mot Furebøstølen og nedatt til bilen. Greitt å gå med truger i dag ettersom det var avblåst på toppane.
Larsundstølen
- Dato:
- 05.02.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 1:06t
- Distanse:
- 4,1km
Hafstadstølen
- Dato:
- 03.02.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 1:51t
- Distanse:
- 8,0km
Det var meldt regn og sludd. Men då eg såg ut vindauget denne morgonen, så var det opplett. Fin tur sammen med min søster. Til og med litt blå himmel. Sludd og hagl starta i det eg satte meg i bilen heimatt.
Hafstadstølen i laussnø
- Dato:
- 20.01.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 1:51t
- Distanse:
- 5,8km
Mykje fram og tilbake i dag. Hadde planer om ein skitur på Vassenden, men -15 grader blei for kaldt og fare for snøvær seinare på dagen, gjorde at eg avventa litt. Etter kvart på føremiddagen blei det mildare og eg hadde håpa at nokon hadde valt å gå ruta opp til Hafstadstølen før meg. Eg gjekk i skispora, som tok retninga opp mot Halbrendsnipa. Frå krysset og opp til Hafstadstølen var det ikkje oppgått, men 40cm tung laussnø og det vart ein tung tur opp til Hafstadstølen derfrå. Blei nådd igjen av ein annan turgåar, som var fornøgd med innsatsen eg hadde. Ho tilbydde seg å gå litt foran for å gå opp. Så vi skifta på det. Uansett ein heftig trimtur, til tross for at det "berre" var 3km kvar veg.