Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Kabusen + Høgefjellet x2

Date:
31.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:18h
Distance:
20.8km

Ein tur eg har tenkt på lenge, og i dag baud sjansen seg. Flotte værmeldingar gjorde at eg bestemte meg for å kunne ta denne turen. GPSen stoppa ei stund. Oppdaga ikkje det før eg var komen forbi Grøningstølsvatnet. Så ruta og turen er ei smule lenger enn det turen viser

Map    

Slettheia

Date:
30.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:28h
Distance:
7.7km

Starta ved Nytuft og gjekk opp til Tuftestølen. Mykje myr oppover lia etter dette. såg an til at det skulle være ein sti det siste stykket opp mot toppen. Denne fann eg ganske greitt.

Map    

Hustaket

Date:
29.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:16h
Distance:
7.4km

Starta ved traktorvegen opp til første svingen og såg an til at det kunne være sti på andre sida av elva. Stiane trur eg er hjortetrakk meir enn brukt av menneske. Men det gjekk greitt å finne ei fin rute opp. På veg nedatt sikta eg meg ned på traktorvegen etter ei stund. Ikkje noke problem å passere myra og elva utan å bli for våt. Ein grei tur med fin utsikt på toppen.

Map    

Skredfjellet

Date:
28.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:50h
Distance:
4.8km

Ein litt våt tur til Skredfjellet. Prøvde ei ny rute i forhold til sist. Konklusjonen er at ruta frå Stordalen ved Sande er betre.

Map    

Snefonna

Date:
16.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:05h
Distance:
10.6km

Kjekk tur med lokal guide, som tilfeldigvis er i slekta også.

Map    

Grønefjellet

Date:
01.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:14h
Distance:
10.5km

Map    

Holtsnipa - endeleg

Date:
16.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:52h
Distance:
8.5km

Endeleg ferdig med eksamen. Og eg hadde lova meg sjølv ein fjelltur. Tenkte vi skulle innom Tormodsetstølen, men vi fann ut at vi skulle vidare til Holtsnipa. Kanskje litt ambisiøst å gå utan mat på turen. Men vi kom oss opp. Eg har vanlegvis høyrt om ruta frå Fylling, men han vi møtte på veg nedatt, meinte at denne ruta var den beste. Kanskje fordi han har hytte opp ved Litlevatnet. Stien opp til Tormodset var full av spindelvev, så det var å finne ein pinne å slå foran seg for å sleppe noko av spindelvevet som klistra seg oppetter kroppen. Litt snø på ruta, men ikkje verre enn at vi kom oss opp utan å gå gjennom.

Map    

Kjelstadnakken

Date:
07.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:19h
Distance:
14.1km

Starta ved Kjelstad denne gongen også. Stien er rimelig bratt, så vi vurderte å gå nedatt via Skudalstølen. Vi fekk tips frå nokre som var oppe ved Kjelstadstølen at det var ei fin rute, men muligens litt snørikt. Då var det gjort og vi tok returen via Skudalstølen. Eg håpte vi skulle finne den merka løypa mellom Kjelstad og Skudalen, men vi fann ikkje råka, så då vart det nærare 2 km på asfalt. Vi hadde litt skodde på vegen, men den forsvann like fort som den kom. Konklusjonen er at ruta ned ikkje er fullt så bratt som ruta opp.

Map    

Årnesholten

Date:
05.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:01h
Distance:
7.9km

Fin ettermiddagstur. Fann ut at vi ikkje ville over snøfonnene på veg opp, så vi tok den raskaste vegen opp. Vart litt klyving her og der. Retur den ruta eg har funne tidlegare. Snøen bar, så det var ikkje så ille.

Map    

Smådalsnipa rett før uværet

Date:
03.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:22h
Distance:
7.6km

Fin ettermiddagstur. Opplett heile vegen. uværet med lyn og torden kom då vi var komen i bilen.

Map