Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1813)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Sjønakletten
- Dato:
- 08.09.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:23t
- Distanse:
- 3,1km
Det er ein hektisk periode med tanke på både skulestart og valkamp. Dermed har det ikkje vore tid til dei heilt lange fjellturane. Dermed er det hærleg å kunne ta nokre fine og korte turar. Den følelsen med vindstille og sol på toppen. Sjølv om turen ikkje er så lang så var den heilt magisk med den fine solnedgangen. Det å sitte å sjå på solnedgangen blenkjer i sjøen. Verkeleg energipåfyll før ei hektisk helg og ny veke på jobb.
Høgsetholten
- Dato:
- 01.09.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:07t
- Distanse:
- 9,2km
Fann ut at Høgsetholten var målet denne kvelden sidan det var ei stund sida eg var der sist.
Flott vær denne kvelden men litt vind. Tok runda over Høgsetholten og ned dalen, der det er merka heile ruta. Flott lys denne kvelden også.
Nova
- Dato:
- 31.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:05t
- Distanse:
- 12,2km
Starta med litt regn i det eg parkerte i Norddalen. Regnet fulgte meg meir eller mindre opp forbi Finneskotet. Eg tok likevel sjansen på at dei mørke skyene over Nova skulle gje seg. Og det gjorde dei. Då eg kom opp til toppen hadde det letta og skyene forsvann. I tillegg vart det heilt vindstille, så eg må innrømme at eg hadde mest lyst å berre bli oppe lenge for å nyte utsikta og det fine været. Tok ein avstikkar opp til Skorafjellet, der eg fekk den flotte raude solnedgangen.
Klarte akkurat å komme tilbake til bilen slik at eg slapp å bruke hovudlykt.
Nordheia
- Dato:
- 30.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:06t
- Distanse:
- 4,2km
Flott og solfylt kveld. Litt overraskande med regnboge på veg ned. Men det betyr vel at det er litt fukt i lufta likevel.
Hetleegga
- Dato:
- 29.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:22t
- Distanse:
- 8,4km
Tur med fine kollegaer ved Førde vgs.
Det var greie værmeldingar denne kvelden. Etter ei lita stund kom regnet, men ikkje så mykje at eg hadde behov for den regnjakka eg glømte heime. Etter kvart letta det og så kom finværet og sola. Det blei etter kvart ein fin, men litt våt tur. Elskar dei fine solnedgangane som kjem no på hausten.
Liafjellet
- Dato:
- 23.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:40t
- Distanse:
- 2,0km
Ja, eg føl folk på Instagram og ja, eg vert litt inspirert.
Det er lange arbeidsdagar no når det er skulestart og valkamp. Det betyr at det ikkje alltid er like mykje tid til lange fine ettermiddagsturar.
Etter å ha sett fleire som har lagt ut bilder av utsiktspunktet på Liafjellet, så fann eg ut at dette var ein passande tur etter ein litt lang arbeidsdag. Tok med ei turvenninne sidan ho også har vurdert denne turen. Litt knoting, men fann til slutt ruta opp. Det er tydeleg at det har regna ein del i det siste sidan stien var i overkant våt. Heilt grei tur og veldig god betaling for relativt lite innsats i form av flott utsikt. Kjem nok til å ta fleire turar opp hit. Fekk tilbud av ein forhandlar, som hadde litt fine t-skjorter, som er akkurat etter mitt hjarte, med teksten "hike >>>
Hornnesstølen på alernativ sti
- Dato:
- 21.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:57t
- Distanse:
- 6,6km
Fann ut at vi skulle ta ein tur på Hornnesstølen denne kvelden. Oppe ved gapahuken fann vi ut at vi skulle prøve ruta via 7.benken. Etter kvart forstod vi at denne ruta ikkje er så mykje brukt som den faste ruta vi vanlegvis bruker. Litt gjengrodd innimellom, men etterkvart såg vi at vi kom oss på "den rette sti". Eit stykke oppover fann vi ein stige midt på eit berg. Det blei litt klyving opp til stigen. etter denne stigen fann vi ein litt meir brukt tråkk oppover. Litt myrete det siste stykket opp forbi Hornnesstølen. Etter ein litt meir eller mindre "strabasiøs" tur opp til stølen, var det greitt å følge resten av ruta opp til Klumpen. Fulgte ruta ned til Hornnes. Gjennom skogen oppdaga vi etter kvart at mørket kom fortare på enn det vi har vore van med >>>