Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Skjerveholten - skogstur med utsikt

Datum:
19.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:40h
Entfernung:
2,2km

Det var meldt regn i dag. Og nokre dropar kom då vi køyrde frå jobb. Men ikkje ein drope frå oven då vi gjekk på turen. Faktisk ganske så fint å gå.

Karte    

Sjufjellstur Askvoll

Datum:
17.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:58h
Entfernung:
16,5km

Vindfull dag i dag. Fann ut at eg ville ta ein pause frå snøen og få meg ein snøfri tur. Hadde sett at det var svært lite snø i Askvoll, så då tok eg ein tur dit. Starta opp mot Fristadfjellet og hadde ein liten pause der før eg gjekk vidare. Då eg var komt opp på Smørkletten fulgte eg tråkk nedover og oppdaga at Sjufjellsturen eigentleg hadde ei litt annarute mellom Smørkletten og Hjartåsen. Då eg oppdaga det var det gått ei stund, så eg fann ut eg kunne berre fortsette ned mot Askdalen og deretter opp til Hjartåsen. Fulgte ruta til sjufjellsturen vidare til Siktanuten og Blåfjellet. Ein fin runde, sjølv om det var litt is innimellom.

Karte    

Veten

Datum:
16.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:37h
Entfernung:
9,6km

Etter møte på Gloppen hotell nytta eg sjansen til å komme meg ut i sola for å besøke ein ny topp. Parkerte ved bommen og gjekk opp merka rute til Veten Fin sti stort sett heile vege opp. Siste stykket var snødekt, men greitt å gå. Sikta meg inn på det eg trudde skulle være ruta ned til Røsskleivvatnet. Og det var ein del meir snø ned den ruta enn den ruta eg tok opp. Sikta meg vidare på sti mot Eidsstølen. Der det var enda meir snø å søkke gjennom. Tok traktorvegen ned frå Eidsstølen og det var då eg fann ut at det hadde vore ein ide med broddar, sjølv om eg klarte meg utan.

Karte    

Gytta på bursdagstur

Datum:
12.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:33h
Entfernung:
2,1km

Måtte ha ein liten trimtur på bursdagen sammen med søsteren. Vi fann ut at vi skulle ta med eit par stokkar også oppover. Jammen gjev desse stokkane litt ekstra trim. Kjente det godt ei god stund. Godt med ekstra trim når turen ikkje er så lang.

Karte    

Fagredalen

Datum:
11.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:04h
Entfernung:
4,5km

Ettermiddagstur til Fagredalen frå Skilbrei. Parkerte der eg vanlegvis har parkert, men blei vist til parkeringsplassen som er lagd berre nokre meter før siste garasjen.

Karte    

Flatenipa og Strandanipa

Datum:
10.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:35h
Entfernung:
14,6km

Etter gårsdagen fine tur, vart det på tide med ein ny tur, i litt meir kjent område. Hadde med meg ein kjekk kollega på turen. Ho hadde lyst å ta runda opp til Flatenipa og ned via Strandanipa. så då blei det så. Flott broddeføre. Litt blautt i snøen i dei hellingane sola hadde teke mest på, men ellers var snøen fast og fin. Sola skinte heile vegen rundt og vi hadde det strålande på tur. Litt tung i beina etter gårsdagens tur, men det var ikkje om å gjere å haste seg av gårde. Eg håper på fleire slike fine dagar.

Karte    

Nordheia og Djupviknipa

Datum:
08.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:57h
Entfernung:
3,9km

Endeleg sol og moglegheit å komme seg ut før solnedgangen. Etter gårsdagen litt dårlege val med truger, så valte eg broddar denne dagen. Og det var heilt glimrande val. Fekk følge med eit par andre på veg opp. Litt meir vind denne dagen, men solskinnet vegde opp for trekken. Nydeleg dag.

Karte    

Nordheia og Djupviknipa

Datum:
07.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:11h
Entfernung:
3,6km

Karte    

Egga/Sandviksfjellet

Datum:
03.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:53h
Entfernung:
7,4km

tok sikte på samme ruta opp som eg gjekk sist. Med rett opp mot ryggen og følge ryggen innover mot toppane. Det fungerte sånn noko lunde. Fann ein og anna varde her og der, men ikkje veldig tydeleg sti. På veg tilbake var det nokre vardar vi valte å følge og fann etter kvart det vi rekna med var ein sti. På slutten var det merka med band på nokre av trea i skogen. Så konklusjonen er vel at dette må være den rette stien opp til fjellet. Vi fulgte ein slags traktorveg/sti og jorde.

Karte    

Gytta

Datum:
02.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:31h
Entfernung:
2,0km

Karte