Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Nordheia og Djupviknipa

Dato:
26.04.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
3,9km

Kjøpte meg nye hikingsko og fann ut at eg kunne teste desse, ettersom det er ein ny type/merke for meg. Foreløpig gjekk det bra. Nydeleg ettermiddag/kveld på Nordheia og ikkje alt for mykje folk.

Kart    

Yndestadstølen

Dato:
25.04.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
7,4km

Ettermiddagstur til Yndestadstølen. Så og seie snøfri sti og våren har komen til Bygstad. Fint med nesten vindstille i dag.

Kart    

Nova på Sande

Dato:
24.04.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:01t
Distanse:
5,7km

Testa ut ny rute opp til Nova. Gjekk frå Steiafeltet og bratt opp til Utsikten og vidare bratt opp til Løfallnova. Derfrå var det lettgått til toppen. Flott vær i dag.

Kart    

Høgsetstølen

Dato:
23.04.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:51t
Distanse:
3,8km

Tur med kollegaer ved Førde vgs.

Kart    

Massbu og Brendeheiknappen

Dato:
21.04.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:55t
Distanse:
10,4km

Tok tur med mannen til Massbu, Brendeheiknappen og Laukelandshesten. Nydeleg vær denne dagen. Litt bratt opp lita mot Brendeheiknappen, fann merka innimellom opp mot Brendeheiknappen. Flott utsikt frå toppen og så gjekk vi nedatt greitt. Fann ut at vi skulle finne gå ein tur bort til Laukelandsfossen. Idyllisk langs elva ned mot Laukelandsfossen.

Kart    

Espenipa og Skåfjellet

Dato:
20.04.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:06t
Distanse:
4,9km

Tur frå Hesjedalen opp til Espenipa og vidare til Skåfjellet. Fint å gå, litt hard snø enkelte stader, men ikkje verre enn at eg kom meg opp (og ned) utan større problem. Sol og vind i skjønn forening.

Kart    

Birkelandsnipa

Dato:
17.04.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:58t
Distanse:
2,5km

Etter møtedag på Flesland blei det tid til ein aldri så liten stopp i Åsane og til Birkelandsnipa før vi vende nasen heimatt. Parkerte nede ved gangvegen og gjekk opp til husa og til høgre rett etter det grøne huset. Det er tydeleg at alt for mange går gjennom tuna, det er difor sett opp eit par skilt med privat. OK sti og nydeleg vær.

Kart    

Olsokfjellet og Damsgårdsfjellet

Dato:
15.04.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:28t
Distanse:
3,5km

Etter arbeidsdag og køyretur var det godt å komme seg ut ein tur på Olsokfjellet. Bratt, men greitt å gå opp. Vurderte å ta det som ei runde, men vi valte å gå tilbake frå Olsokfjellet og så ta ein avstikker bort til Damsgårdsfjellet.

Kart    

Bakkefjellet, Blåfjellsåta og Hekkelfjellet

Dato:
14.04.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:03t
Distanse:
14,9km

Var klar for ein tur uten for mykje snø og tok sjansen på at toppane rundt Holmedal ikkje hadde for mykje snø. Heilt greitt å gå opp mot Bakkefjellet, men eg traff på snø etter kvart. Fin tur med til og med litt sol på vegen.

Kart    

Nasakletten

Dato:
13.04.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:08t
Distanse:
9,3km

Kart