Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Vetenbua, dagsturhytta i Øygarden (Sund)

Dato:
19.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:38t
Distanse:
7,3km

Etter hotellbesøk vart det privatbesøk eit par netter på Askøy. Vi fann ut vi skulle besøke dei dagsturhyttene vi mangla i Øygarden og starta med Veten. Det er ikkje alltid like lett å tolke teksten som står på ut.no sin turbeskrivelse. Men etter det eg las, så var det best å parkere ved Stranda skule, sidan det var lite parkering på dei andre stadane. Det som stod vidare var at det var lettare å gå frå Førde og at stien frå Stranda var noko bratt for enkelte, men av ein eller annan grunn la eg ikkje merke til den vesentlege delen av teksten. Så då blei det at vi køyrde til Stranda skule og parkerte der. Det første vi møtte var blandt anna ein gigantgitar for å heidre Johannes Kleppevik. Det var lettgått eit stykke, men enkelte stader var stien noko blaut og bratt. Men >>>

Kart    

Kurebu - dagsturhytta i Bømlo

Dato:
18.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:09t
Distanse:
3,5km

Etter dagsturhytta på Fitjar, fann vi ut at vi ville besøke dagsturhytta i Bømlo kommune: Kurebu. Fin parkeingsplass med to rastebord. Litt kupert terreng, men greitt å gå og greitt å finne fram. Vi valte å ikkje gå runde, men fram og tilbake samme ruta.

Kart    

Tveitaslottet - dagsturhytta i Fitjar

Dato:
18.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
3,2km

Etter turen til Loddo og Adlesi gjekk turen vidare til Fitjar og dagsturhytta der, Tveitaslottet. Vi parkerte ved ein god parkeringsplass og fulgte traktorveg oppover og vidare på sti over ei flott bru som var laga. Turen er lettgått og fin stort sett heile ruta. Flott plassering med fin utsikt over Fitjar. På returen tok vi av stien og bort til ei lita kulp berre for å få ein liten dukkert. Godt i varmen.

Kart    

Loddo og Adlesi

Dato:
18.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:53t
Distanse:
6,5km

Vi starta frå hotellet og reiste mot Krokeide og tok ferga over til Austevoll. Følelsen av å treffe maks på turmål med tanke på vær, kunne ikkje vore betre. Fjorden var so og seie blikkstille, det gjekk an å være ute på dekk og berre nyte varmen frå sola og utsikta utover sjøen og havet og med vissheit om at været heime kanskje ikkje var det beste. Det var på tide med ny dagsturhytte: Adlesi i Austeoll, bonusen er at vi då besøkte Austevoll sitt høgaste punkt. Vi parkerte ved god parkeringsplass og fulgte gruslagt sti fram til stiskille. Vi valte den lengste ruta opp ettersom den skulle være minst bratt (trudde eg). Vi fulgte merka rute opp og det var stort sett lettgått, med unntak av ei bratt kneik. Det var for såvidt fint å gå oppover. Tårnet på Loddo er nok laga >>>

Kart    

Bondehaug

Dato:
16.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:21t
Distanse:
5,5km

Det var meldt betre vær i indre Sogn enn i Sunnfjord. Vi tok dermed turen til Luster og Bondehaug. Lettgått tur, som sikkjert hadde vore fint å ta med born på. Nydeleg vær vart det også.

Kart    

Skaranipa

Dato:
15.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:31t
Distanse:
5,8km

I følge værmeldingane så skulle det være opplett på Stavøya. Vel... værmeldingane tok i alle fall feil. Men når eg har køyrt så langt for å gå tur, så blir det tur anten det er regn eller ikkje. Det starta med litt yr som etterkvart gjekk over til regn. Og så urutinert som det går an å bli å ikkje ta med regntøy. Men men ein angrar aldri på ein tru. Einaste var at då eg kom tilbake til Førde så stråla sola og eg vart nesten frista til å ta ein bonus tur denne dagen, men det blei det ikkje.

Kart    

Klauvekeipen

Dato:
14.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
9,0km

Flott vær denne dagen. Turen gjekk til Klauvekeipen, sidan det var ei stund sidan sist. Det er noko med utsikta når ein kjem så langt ut mot havet. Konstrastane mot fjella lenger aust og havet i vest gjer at det er vakkert og mektig.

Kart    

Nordheia

Dato:
13.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
3,8km

Etter ein lang dag i bil, var det greitt å komme seg på ein liten tur.

Kart    

Kvernberget, Kristiansund

Dato:
09.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
3,4km

Etter å ha besøkt Kristiansund by, så er det greitt å besøke "byfjellet" også. Flott utsikt over Kristiansund frå toppen. Det går ei trapp opp, men vi valte å gå stien. Den er vel så fin som trappene.

Kart    

Litledalsvatnet

Dato:
07.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:25t
Distanse:
5,9km

Kart