Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Einingsfjellet

Dato:
11.01.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:21t
Distanse:
3,0km

Litt snø over alt. Heldigvis var det nokon som hadde gått med truger opp før meg. Så eg kunne bruke broddar i stadenfor. Hærleg med sola som skein så fint i dag.

Kart    

Legene

Dato:
07.01.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:48t
Distanse:
2,8km

Kart    

Bøheia

Dato:
05.01.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:23t
Distanse:
6,7km

Litt vel kaldt i indre, så då tok vi sjansen på å reise ut i ytre. Parkerte i enden av Bøfeltet i Leirvika. Fulgte vegen oppover og over på sti. Litt krevjande å gå i dag på grunn av snø då det ikkje var like lett å sjå stien over alt. Brukte ut-appen og den fungerte glimrande. Flott utsikt over Sognefjorden frå toppen. På grunn av at det ikkje er så frossen i bakken, kladda broddane godt på veg opp og nedatt. Så då vi var komen heilt nedatt såg eg at eg hadde klart å miste den eine brodden. Så då vart det å ta ein bonustur halvegs opp igjen. Eg fann brodden att, dei er grei å ha når det er glatt føre.

Kart    

Nordheia/Djupviknipa

Dato:
04.01.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:11t
Distanse:
3,9km

Kart    

Gytta

Dato:
03.01.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:45t
Distanse:
2,2km

Kart    

Nordheia og Djupviknipa

Dato:
01.01.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:08t
Distanse:
4,1km

Nydeleg dag. Solskinn første dag i det nye året. Kan det bli betre???

Kart    

Årets siste tur

Dato:
31.12.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,0km

Tenk at vi faktisk kunne få litt finvær på årets siste dag. Absolutt nydeleg vær. Litt kaldt men kanskje julas finaste dag??? Hadde litt flaks med tanke på at nokon gjekk opp turen med truger, slik at turen vart mykje lettare å gå. Kan ikkje klage på det.

Kart    

Nordheia/Djupviknipa

Dato:
30.12.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,0km

Fint denne dagen, sjølv om eg bomma litt på timingen.

Kart    

Nerviknipa

Dato:
28.12.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:31t
Distanse:
3,9km

Værmeldingane var ikkje dei beste (igjen). Så vi testa ut ein ny tur denne dagen, som ikkje skulle være så lang. Erfaringane mine tilseier også at det er ofte mindre regn ut mot kysten, så då fall valet på Flokeneset. Vi hadde litt problem med å finne ut kvar stien starta ettersom beskrivelsane vi fann var litt vage: eit busstopp langs FV609 og gjennom ei grind. I tillegg skulle det være oransje merke langs stien. Vi parkerte ved det busstoppet vi fann ut det måtte være og fulgte ein sti gjennom ei grind og over ei myr. Etter kvart kom dei oransje merka til syne og det var relativt enkelt å følgje oppover lia. Det har kome meir enn nok regn den siste tida, så det å halde seg tørr på beina er eit ikkje-tema. Av samme grunn er det fare for glatte steinar og berg også. Stien >>>

Kart    

Liafjellet

Dato:
27.12.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:17t
Distanse:
10,0km

Litt grå dag, men ikkje verre enn at det var mogleg å gå ut utan å verte dyvåt. Liafjellet er fint å gå ettersom det er relativt lett start. Litt bratt og vanlegvis fin utsikt. Vel... i dag var det kanskje ikkje den beste utsikta frå toppen, men vi fekk no litt utsikt lenger nede. Godt med frisk luft uansett.

Kart