Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1813)
Mosekleivhornet
- Date:
- 21.09.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:10h
- Distance:
- 9.2km
Fine meldingar gjorde at eg tok med mannen på tur denne laurdagen.
Utsikta frå stoveglaset var vel heller mangelvare, ettersom vi såg rett i tåka. Vi køyrde likevel avgårde nordover mot Stadt og Mosekleivhornet, som vart dagens mål. Etter det eg kunne sjå kunne det være lettgått og fint frå Furehornet parkeringsplass.
Turen var lettgått, men litt blaut enkelte stader. I tillegg blas det ganske bra, men det er ikkje anna å vente ved Stadt.
Stort sett ein grei tur, sjølv med litt vind.
Klauva ein fin ettermiddag
- Date:
- 20.09.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:19h
- Distance:
- 8.3km
Førdsnipa
- Date:
- 18.09.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:05h
- Distance:
- 8.5km
Gode temperaturar og vindstille på toppen.
Absolutt ein fin kveld å gå på Førdsnipa
Slettheia
- Date:
- 15.09.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:23h
- Distance:
- 8.1km
Værmeldingane var så som så i dag. Så eg hadde i utgangspunktet tenkt meg ein kort tur. Det er ei stund sidan eg har vore på Slettheia og sist så hugsa eg det som ein lettgått tur, sjølv om den var noko myrete. Valte samme rute som sist, med litt justeringar. Veldig greitt å starte frå Tuftegarden og gå opp traktorvegen. Deretter er det oppkøyrte traktorspor eit stykke opp lia. Fann det samme tråkket som sist det siste stykket opp til toppen. Til mi store lykke, var det kun litt yr innimellom og på veg nedatt kom til og med litt sol og varma. Absolutt "en høydare".
Troda
- Date:
- 14.09.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:08h
- Distance:
- 8.0km
Fin tur med kollega til Troda. Køyrde traktorvegen så langt det gjekk. I følge skiltet bør det være firhjulstrekk. Og det er ikkje så rart med tanke på at vegen er ganske så smal og relativ kupert.
Fint og merka opp til Troda. Ikkje så godt merka nedatt via Kvitesanden. Men absolutt ein fin rundtur.
Indrebøvarden
- Date:
- 09.09.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:00h
- Distance:
- 3.4km
Vora
- Date:
- 08.09.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:30h
- Distance:
- 14.7km
Kjekk tur med tre flotte damer frå Gloppen. Værmeldingane var greie til ut på dagen, så vi starta relativt tidleg i håp om å unngå regnet. Bratt opp lia mot Strandaheia, deretter lettare og fint å gå med nymerka sti. Stien gjekk heilt bort til Voranova der vi hadde ein liten stopp ved Voranova for fotografering før vi sikta oss rett bort på toppen av Vora. Bra med vind på toppen i dag, men ikkje så veldig kaldt og nærare sommartemperatur.
Fint å gå nedatt og til tider svært lettgått. Siste stykket ned frå Strandaheia er relativt bratt og det gjekk roleg for seg. I det vi kom ned til vegen att starta regnet. God timing med god temperatur heile vegen.
Skavegga frå Utvikfjellet
- Date:
- 07.09.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:28h
- Distance:
- 12.5km
Ikkje ofte det er rundt 22 grader i septbember, noko som bør være grunn nok til å være ute.På denne nydelege dag i september og eg tok med mannen min og ei veninne til Skavegga. Terrenget er svært fint å gå. Det startar rett nok litt motbakke, men etter kvart er terrenget tørt og fint og veldig lite bratt.
Vi fekk til og med ein dukkert på 1000 moh.