Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

tur på Hamar

Date:
08.11.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
2:47h
Distance:
15.3km

Landsmøte i Nei til EU på Hamar. Reiste litt vel tidleg av gårde, så då blei det moglegheit for å ein tur på Hamar. Ikkje akkurat så mykje utsikt denne dagen. Vi reiste frå Førde i klårvær og kom til austlandet med tåke. Fint terreng i skogen ved Hamar.

Map    

Gytta

Date:
05.11.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:35h
Distance:
2.1km
Map    

Sygnestølen

Date:
03.11.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
2:45h
Distance:
10.9km

Ein skikkelig blaut tur. Parkerte nede ved hovudvegen og gjekk opp til Øvrebø. Det var skilta slik at ein ikkje skulle følgje vegen heilt opp, men følge ein sti. Denne stien gjekk ut i på ein bø. Så eg sikta meg inn på der stien til stølen skulle gå. Blaut sti heile vegen til Sygnestølen. Gjekk nedre ruta tilbake og fulgte hovudvegen tilbake til bilen. Kan vel ikkje påstå at det er ein "høydare" av ein tur med tanke på at det stort sett berre myr.

Map    

Bekkjavatnet runddt

Date:
24.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:10h
Distance:
6.3km

OK. så var ikkje formen heilt på topp etter førre veke. Framleis litt "rusk i maskinerieet". Men formen er betre og eg kunne faktisk småjogge litt. Men eg kom fort oppi eit lite "uføre" fordi Bekkjavatnet har fått over sine breidder og det var uråd å komme seg vidare utan å vasse minst ein plass.

Map    

Bekkjavatnet rundt

Date:
20.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:33h
Distance:
6.4km

Etter nokre dagar med heftig forkjølelse, så var det på tide å teste formen igjen. Tok med søsteren på tur rundt bekkjevatnet, sidan det er ein relativ lett og fin tur. Det gjeld å sette pris på dei dagane det faktisk ikkje regnar så mykje. Men eg kan vel konstantere at det har vore ganske mykje dårleg vær når vi kallar det å yre for "opplett". Så ja, det yra litt, men som ekte vestlending er eg godt nøgd så lenge eg ikkje vert kliss blaut på tur.

Map    

Nonsnipestølen

Date:
06.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:57h
Distance:
2.8km

Lett regnværsdag. Men godt å komme ut for frisk luft sammen med søsteren.

Map    

Kleivastølen

Date:
16.09.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:15h
Distance:
5.3km

Kollegatur. Denne dagen til Kleivastølen. Ein liten røyskatt hadde gøymt seg i muren i det eine selet. Kjekt med litt "nærkontakt" av dyr denne dagen.

Map    

Hjellen ved Senneset

Date:
13.09.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:46h
Distance:
3.7km

Tur til Senneset og opp traktorvegen mot Hjellen. Godt å få lufta seg etter ei litt travel veke.

Legene ved Solvorn

Date:
01.09.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:33h
Distance:
5.4km

Ein liten tur langs fjorden frå Solvorn. Vi var innom Legene, som tydelegvis er ein nedlagt gard. Turen er lett kupert

Map    

Hundsrasta

Date:
16.08.2024
Characteristic:
Hike
Distance:
3.9km

Tur med søster og mannen min.

Map