Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1973)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Muladalen med IST
- Dato:
- 21.05.2026
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:42t
- Distanse:
- 4,4km
Som Solheimsdøling, så burde eg kanskje kunne alle turar i Solheimsdalen. Men den gang ei. Turlaget hadde saman med Førde historielag tur nedover til ein gammal gard i Muladalen. Garden er godt vedlikehalde og vi fekk historia om garden. Kjekt å prøve nye ruter.
Bergsheia - Ny rute opp
- Dato:
- 20.05.2026
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:13t
- Distanse:
- 6,5km
Av og til får eg lov å være med på nye ruter opp på kjente fjell. Og på denne vekas kollegatur fekk eg testa rute frå Kleppsåsen. Ein skulle nesten ikkje tru at det gjekk å gå opp når ein ser på fjellet, men det er faktisk merkt også. Så det er godt mogleg at eg tar denne ruta neste gong også, kanskje ikkje med dei som har mest høgdeskrekk, sidan det er eit parti med litt klyving.
Ørnefjellet
- Dato:
- 15.05.2026
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 8,6km
Eit av årets Titur for Indre Sunnfjord turlag. Hadde tidlegare lagt ut ei rute på den gamle stølsvegen frå Savland. Tilbakemeldingane var at den ikkje kunne nyttast, så då var det å gå opp ruta frå Teigen og legge ut beskrivelse derfrå med bilder til beskrivelsen.
Flott dag.
