Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1781)
Keipen
- Date:
- 21.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:54h
- Distance:
- 16.8km
Reiste frå Førde om morgonen og parkerte. Det gjekk greitt innover første stykket. Men etter kvart så er stien brattare og tyngre å gå. Både på grunn av heten, men også på grunn av bratta. Opp forbi Gulleple, fekk eg litt vind noko som gjorde at turen vart betre. Flott utsikt både frå toppen vest for Bjørnabreen og frå Keipen.
Snøhetta
- Date:
- 19.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:30h
- Distance:
- 12.9km
Endeleg passa det med tur til Snøhetta. Værmeldingane var gode og vi hadde tida.
Vi tok bussen frå Hjerkinn til Snøheim om morgonen og starta turen. Alt såg veldig lovande ut.
Etter kvart som vi nærma oss toppen starta toreværet ispedd litt regn. Ikkje akkurat hyggeleg stad å være i slikt vær. Ettersom eg hadde hatt denne på øskelista lenge, så var det ikkje eit alternativ å snu. Men haste opp og haste nedatt. Vi fekk akkurat litt tid til fotografering på toppen før vi kom oss nedatt. Nede i lia letta været og det var mogleg å sette seg ned for å nyte nista. Godt fornøgd med dagen, men skulle sett at toreværet hadde halde seg unna.
Lassenipa
- Date:
- 17.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:43h
- Distance:
- 13.9km
Nydeleg dag. Inviterte mannen på tur til Lassenipa. Sist eg gjekk den synest eg den var veldig fin og håpte at kanskje han og kunne få gleda av denne turen.
Han kom seg neste på toppen. Men vi fann ein liten dusj, der vil fekk testa "trykket". Og trykket var bra det. Hærleg å kunne sitte å kjøle seg ned i varmen.
Nordheia
- Date:
- 06.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:36h
- Distance:
- 4.2km
Fagrenipa
- Date:
- 04.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:37h
- Distance:
- 9.5km
Nok ein litt blanda dag værdag. Starta med opplett for så å regne. Det ser ut til at kanskje denne sommaren også kjem til å "regne vekk". Men men. Det er vel lov å håpe at vi kanskje får nokre opplettsdagar lell.
Tok sjansen på at det var ikkje for mykje nedbør og reiste ut til Vevring og opp Vassbotnen. Fulgte ruta eg har gått mot Håsteinen tidlegare opp til høgda på Kyrkesteinen. Fulgte ruta frå ut.no vidare austover mot Fagrenipa. Flott utsikt over Førdefjorden frå toppane. Frå den austlegaste toppen på Fagrenipa såg eg at det truleg var mogleg å sikte seg inn på ei rute som er stipla inn på Norgeskart mellom Åmotstølen og Vassbotnen. Stadvis tydeleg sti og stadvis litt mindre tydeleg. Blautt var det i alle fall. Heilt greitt å gå denne ruta, då sparte >>>