Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Troda

Date:
14.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:08h
Distance:
8.0km

Fin tur med kollega til Troda. Køyrde traktorvegen så langt det gjekk. I følge skiltet bør det være firhjulstrekk. Og det er ikkje så rart med tanke på at vegen er ganske så smal og relativ kupert. Fint og merka opp til Troda. Ikkje så godt merka nedatt via Kvitesanden. Men absolutt ein fin rundtur.

Map    

Hjellen ved Senneset

Date:
13.09.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:46h
Distance:
3.7km

Tur til Senneset og opp traktorvegen mot Hjellen. Godt å få lufta seg etter ei litt travel veke.

Indrebøvarden

Date:
09.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:00h
Distance:
3.4km

Så vidt eg såg noko utsikt

Map    

Vora

Date:
08.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h
Distance:
14.7km

Kjekk tur med tre flotte damer frå Gloppen. Værmeldingane var greie til ut på dagen, så vi starta relativt tidleg i håp om å unngå regnet. Bratt opp lia mot Strandaheia, deretter lettare og fint å gå med nymerka sti. Stien gjekk heilt bort til Voranova der vi hadde ein liten stopp ved Voranova for fotografering før vi sikta oss rett bort på toppen av Vora. Bra med vind på toppen i dag, men ikkje så veldig kaldt og nærare sommartemperatur. Fint å gå nedatt og til tider svært lettgått. Siste stykket ned frå Strandaheia er relativt bratt og det gjekk roleg for seg. I det vi kom ned til vegen att starta regnet. God timing med god temperatur heile vegen.

Map    

Skavegga frå Utvikfjellet

Date:
07.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:28h
Distance:
12.5km

Ikkje ofte det er rundt 22 grader i septbember, noko som bør være grunn nok til å være ute.På denne nydelege dag i september og eg tok med mannen min og ei veninne til Skavegga. Terrenget er svært fint å gå. Det startar rett nok litt motbakke, men etter kvart er terrenget tørt og fint og veldig lite bratt. Vi fekk til og med ein dukkert på 1000 moh.

Map    

Naregga

Date:
06.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:21h
Distance:
5.6km

Enda ein dag med vindstille og sol. Naregga er perfekt dersom ein er på jakt etter fine solnedgangar.

Map    

Rimmane

Date:
05.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
7.0km

Tur med kollegaer til Rimmane. Nydeleg sommarfølelse i september. Absolutt ein høydare i alle fall når vi får det nydelege synet med sola som skin så fint.

Map    

Trodalsvatnet

Date:
04.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:45h
Distance:
4.8km

Sjølv om det er fint vær, så er det ikkje alltid at ein går tørrskodd på tur. Ei stund sidan eg hadde vore oppe i Trodalen og tenkte at det var sikkert fint å gå der. Men på grunn av at stien er lagt litt om, så startar no stien rett i ei myr. Så det tok vel ca 2 minutt så var skoa våte og kanskje 10 min til skoa var gjennomvåte. Så det blir nok ikkje fleire turar på den stien, med mindre det har vore tørt ei stund.

Map    

Halvgerda

Date:
02.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
9.4km

Det er ei stund sidan eg prøvde ruta opp frå Slåttensida. Eit eller annat stort har i alle fall vore opp denne vegen. Mest truleg ei eller anna arbeidsmaskin for å få ned nokre tre. Det var rett og slett krevjande å gå ettersom arbeidsmaskina hadde laga svært djupe spor og i spora var det stort sett gjørme. Neste gong går eg frå Holsa/Høgset. Flott ettermiddag/kveld med lite vind og fin utsikt. Så her var det berre å nyte kvelden.

Map    

Legene ved Solvorn

Date:
01.09.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:33h
Distance:
5.4km

Ein liten tur langs fjorden frå Solvorn. Vi var innom Legene, som tydelegvis er ein nedlagt gard. Turen er lett kupert

Map