Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1891)
Flatrakdalen rundt
- Date:
- 25.01.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:59h
- Distance:
- 15.0km
Parkerte ved tilrettelagt parkeringsplass for trimløypa. Fulgte trimløypa rundt og tok av ved eit tydeleg merke i tru at det var stien. Men eg forstod etter kvart at dette merket mest truleg kun var til ein postkasse som sto på nokre murar og at eg skulle venta med å gå av vegen litt lenger nord. Klarte etter kvart å finne den opprinnelege stien etter å ha krangla med nokre tre.
Oppe på ryggen var det flott utsikt nordover og sola kom til syne. Hærleg med denne sola.
Flott å gå over Gangeskaregga, men greitt med broddar då det var ein del snø på nordsida av fjella.
Litt bratt og luftig ned frå egga, men ikkje verre enn at eg takla det.
Ved Hestedalen gjekk det bratt opp mot Alskartinden eit stykke, var svært glad eg haddde broddar på. Flott og slakt det siste stykket til toppen.
Skåfjellet og Espenipa
- Date:
- 17.01.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:53h
- Distance:
- 5.2km
Hatlesetnipa
- Date:
- 03.01.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:15h
- Distance:
- 7.1km
Litt vel kaldt i indre, så då blei det tur litt lenger mot kysten. Opptråkka sti opp til Fløgjen. Utråkka opp derfrå. Det var riktignok nokon som har gått før meg sannsynlegvis nokre dagar før, men det var stort sett snødd igjen. Periodevis djup snø opp den brattaste kneika. Siste stykket opp til toppen var grei å gå. Ein mykje tyngre tur til Hatlesetnipa enn vanleg.
