Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Mullurdfjellet

Date:
26.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:17h
Distance:
10.8km

Etter ei lang veke med lengre arbeidsdagar og mykje møteverksemd i tillegg til restane av Eowind som ikkje akkurat gav fristelse til å komme seg ut. Det såg an til å komme nokre solstrålar, så her gjaldt det å smi mens jarnet er varmt. Reiste til Kyrkjebø og parkerte ved sjukeheimen. Fulgte godt merka rute opp via Ljotebøstølen og Kyrkjebøstølen. Og på vegen opp kom sola fram, noko som absolutt gjev godfølelsen. Det var litt snø det siste stykket opp til Kyrkjebøstølen, men tok likevel sjansen på at det ikkje var for mykje snø opp til Mullurdfjellet. Og det var tung, men likevel overkommeleg det siste stykket opp til toppen. Og når sola skin så fint, kven bryr seg då om at det er litt tungt???? Retur via Kyrkjebøstølen og Naveset. Og i det eg sette meg i bilen for å >>>

Map    

Hafstadstølen

Date:
23.01.2025
Characteristic:
Hike
Duration:
1:15h
Distance:
5.6km

Fin tur med mannen.

Map    

Husfjellet ++

Date:
19.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:42h
Distance:
11.6km

Fin tur med kjekk kollega. Stien startar godt med god merking, men etter kvart som vi kom oss opp over skoggrensa, så på magisk vis forsvann merkinga... mulig det er vi som ikkje fulgte heilt med. Eg reknar med at merkinga kanskje gjekk bort til Liafjellsnakken og ikkje på høgste punktet. Vi blei einige om å ta ein rundtur, så då fulgte vi merkinga ned til foten av Eikelandsknoltren. Eg gjekk vidare opp til toppen, medan kollegaen gjekk rundt. Lettgått opp til Eikelandsknoltren og nedatt til merka sti. Stien gjekk over ei blaut myr, så det var ikkje så fristande å gå bort til Moldahytta. Eg tok sikte på ein liten omveg før eg sikta meg inn på stien ned mot Jakthytta. Hærleg og lettgått terreng.

Map    

Fureviksnipa, Skinnbroka og Fauskevarden

Date:
18.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:40h
Distance:
12.4km

Det var lova opplett i dag. Og med så mykje regn som har komme den siste tida og snø som ikkje har "sett seg", så forsvann snøen fortare enn svint. Etter kvart så letta det og det var mogleg å komme seg ut ein tur. Tykkjer runda rundt Fureviknipa, Skinnbroka, Fauskevarden er ganske fin runde. Tenkte eg skulle ta ruta frå parkeringsplassen ved Nordheia og gå over elva. Den var faktisk litt større og litt striare enn vanleg, så eg plumpa uti eit øyeblikk. Bra med vind på toppane, så det gjeld å "halde på hatten". Då er det jammen godt å ha ein vindtett jakke for å ikkje bli for kald. Faktisk heilt OK å gå utan broddar denne dagen, men klyvepartiet under toppen av Fauskevarden vart for isete for min del, så då blei det å gå ruta ein vanlegvis går på >>>

Map    

Gytta

Date:
14.01.2025
Characteristic:
Hike
Duration:
0:42h
Distance:
2.2km

Map    

Lutesåta

Date:
11.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:45h
Distance:
2.0km

Starta ved parkeringsplassen ved vindmølleparken. Og tok sikte på vegen som var nærast. Kava meg i til dels djup snø, så her hadde nok det vore best med truger. Men det var ikkje så langt, så litt ekstra trim for blodpumpa gjer egentlig ikkje så mykje.

Map    

Einingsfjellet

Date:
11.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:21h
Distance:
3.0km

Litt snø over alt. Heldigvis var det nokon som hadde gått med truger opp før meg. Så eg kunne bruke broddar i stadenfor. Hærleg med sola som skein så fint i dag.

Map    

Legene

Date:
07.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:48h
Distance:
2.8km

Map    

Bøheia

Date:
05.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:23h
Distance:
6.7km

Litt vel kaldt i indre, så då tok vi sjansen på å reise ut i ytre. Parkerte i enden av Bøfeltet i Leirvika. Fulgte vegen oppover og over på sti. Litt krevjande å gå i dag på grunn av snø då det ikkje var like lett å sjå stien over alt. Brukte ut-appen og den fungerte glimrande. Flott utsikt over Sognefjorden frå toppen. På grunn av at det ikkje er så frossen i bakken, kladda broddane godt på veg opp og nedatt. Så då vi var komen heilt nedatt såg eg at eg hadde klart å miste den eine brodden. Så då vart det å ta ein bonustur halvegs opp igjen. Eg fann brodden att, dei er grei å ha når det er glatt føre.

Map    

Nordheia/Djupviknipa

Date:
04.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:11h
Distance:
3.9km

Map