Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1784)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Steinnova og Stolen - Gaular komplett
- Dato:
- 27.07.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 6:19t
- Distanse:
- 23,6km
Etter det eg har forstått, er vegen opp til Oppedalsdale ikkje eigna for bilar som den eg har. Parkerte eg difor nede og gjekk opp grusvegen. Tok av rett før brua som er midt i dalen og fulgte ein meir eller mindre synleg sti oppover mot Sygneskaret. Oppe i skaret tok eg av til venstre der eg såg eg kunne komme meg opp på Steinnova.
Sikta meg vidare inn mot Stolen og traff sånn noko lunde. Gjekk langs vatna og opp på toppen. Der hadde eg ein liten rast før eg sikta vidare mot Sauebotnfjellet og Storehaugen og ned mot traktorvegen som går til Oppedalsstølane. Fulgte traktorvegen nedatt til bilen.
på veg nedatt traff eg på bonden som skulle ordne med bom mot kyrne. Han fortalte at før vegen var lagd, så gjekk dei opp via Gjermundstadskaret og ned Strupen med kyrna sine. Litt av ein >>>
Bukkenipa og Fagerslettnipa
- Dato:
- 23.07.2022
Etter gårsdagens langtur, var det på tide med ein tur med litt færre høgdemeter.
Starta frå Markeset og fulgte merka rute mot Hovlandsstølen. Traff på ein dame som slo graset i stien ved Hovlandsstølen. Vi spurte kor stien gjekk mot Bukkenipa. Ho meinte det var opp i bakken, men verka litt usikker. Vi fann ein sti men gjekk oss fort ut av den opp i bakken (mest truleg på grunn av at det var myr) og fann ut at stien gjekk på andre sida av bekken og passerte då bekken og fann ein god sti oppover bakkane. Denne stien var merka opp til Bukkenipa. Gjekk vidare mot Fagerslettnipa og den flotte varden, som var plassert feil i forhold til høgste punktet.
Etter å ha funne høgste punktet, som var markert med nokre få steinar, rette vi nasen rett mot stien ned mot Hovlandsstølen vidare >>>
Blægja og Synste stauren
- Dato:
- 22.07.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:09t
- Distanse:
- 13,4km
Værmeldingane meldte sol denne dagen og då var det berre å legge plan om tur til Blægja, som kun bør gåast i fint vær. Inviterte ei veninne på tur sidan ho har hatt denne toppen på ønskjelista lenge. Turen er flott, sjølv om det er litt utfordrande punkt på grunn av ura oppover. Hadde ein lang og hærleg stopp på toppen der vi kunne sitte å nyte utsikta og været. Returen gjekk via Synste Stauren. Då slapp vi mykje av ura ned. Blægja er ein av favorittane mine, rett og slett på grunn av den fantastiske utsikta på toppen og at det er eit av mine "Heimefjell".
Runde
- Dato:
- 19.07.2022
- Turlengde:
- 4:56t
- Distanse:
- 10,7km
Familietur til Runde. Tilbringer ferien i Fosnavåg sammen med mine to søstre og familier. Til sammen 10 stk og avtalen var at vi måtte til Runde for å sjå om vi fann fuglar i Fuglefjellet. Bratt opp asfaltert sti før det flatar ut og over på meir tilrettelagt sti. Litt bratt opp for enkelte av turfølget. Men alle kom seg opp til utkikkspunktet mot fuglefjellet. Eg hadde ein liten avstikkar mot Sandshornet før vi skulle på Rundabranden. Ein liten pitstop på Rundabranden før nokre av turfølget skilte lag. Eg og 3 andre tok ruta ned til fyret, medan dei andre tok returen ned til parkeringsplassen. Dagen etter kunne ein lokal dame fortelle om at Lundefuglen er ute fram til ca kl 20 på kvelden og det er då ein kan få "nærkontakt" med desse fuglane.
Ellers ein fin tur der >>>