Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1784)
- Bergtour (1326)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (444)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Liafjellet
- Datum:
- 23.08.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:40h
- Entfernung:
- 2,0km
Ja, eg føl folk på Instagram og ja, eg vert litt inspirert.
Det er lange arbeidsdagar no når det er skulestart og valkamp. Det betyr at det ikkje alltid er like mykje tid til lange fine ettermiddagsturar.
Etter å ha sett fleire som har lagt ut bilder av utsiktspunktet på Liafjellet, så fann eg ut at dette var ein passande tur etter ein litt lang arbeidsdag. Tok med ei turvenninne sidan ho også har vurdert denne turen. Litt knoting, men fann til slutt ruta opp. Det er tydeleg at det har regna ein del i det siste sidan stien var i overkant våt. Heilt grei tur og veldig god betaling for relativt lite innsats i form av flott utsikt. Kjem nok til å ta fleire turar opp hit. Fekk tilbud av ein forhandlar, som hadde litt fine t-skjorter, som er akkurat etter mitt hjarte, med teksten "hike >>>
Hornnesstølen på alernativ sti
- Datum:
- 21.08.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:57h
- Entfernung:
- 6,6km
Fann ut at vi skulle ta ein tur på Hornnesstølen denne kvelden. Oppe ved gapahuken fann vi ut at vi skulle prøve ruta via 7.benken. Etter kvart forstod vi at denne ruta ikkje er så mykje brukt som den faste ruta vi vanlegvis bruker. Litt gjengrodd innimellom, men etterkvart såg vi at vi kom oss på "den rette sti". Eit stykke oppover fann vi ein stige midt på eit berg. Det blei litt klyving opp til stigen. etter denne stigen fann vi ein litt meir brukt tråkk oppover. Litt myrete det siste stykket opp forbi Hornnesstølen. Etter ein litt meir eller mindre "strabasiøs" tur opp til stølen, var det greitt å følge resten av ruta opp til Klumpen. Fulgte ruta ned til Hornnes. Gjennom skogen oppdaga vi etter kvart at mørket kom fortare på enn det vi har vore van med >>>
Haukånipa
- Datum:
- 20.08.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:51h
- Entfernung:
- 9,7km
Etter ei lang veke med førebuing til skulestart og valkamp, var det på tide med ein litt lenger fjelltur. Fann ut at det var ei stund sida eg hadde vore på Haukånipa, så då vart valet der.
Flott tur og enda flottare utsikt. Returen gjekk ned via Gulskarlivatnet.
Steiafjellet
- Datum:
- 19.08.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:49h
- Entfernung:
- 5,8km
Snart skulestart for elevane som skal komme på mandag. Det betyr at det ikkje alltid passar like godt med ein fjelltur på kvelden. I tillegg er det valkamp, som betyr at laurdagane går med til å stå på stand. I dag vart det stand på Sande og då nytta eg muligheten til å ta ein tur på Steiafjellet etterpå. Litt regn inn i skogen, men dette gav seg etter ei kort tid. Mykje vind på toppen, så det vart berre ein liten stopp for å ta eit par bilder. Etter det eg veit, skal det gå ei rute ned på andre sida, men eg tok ikkje sjansen til å prøve ut på grunn av usikkert vær.
Hornet
- Datum:
- 13.08.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:25h
- Entfernung:
- 18,9km
Parkerte ved parkeringslomme ca 200m frå vegen der stien starta. Fulgte vegen opp og vidare på traktorveg opp til Hamnnessætra. Derfrå vidare på sti opp til Hornet. Fann ut eg skulle prøve å gå vidare og fulgte merka rute. Utfordringa var at eg etter kvart fann ut at eg var litt på "ville vegar" forbi Nova, den merkinga som gjekk til venstre var nok ein litt anna plass enn eg hadde tenkt meg. Etter litt "knoting" opp og ned, gjekk eg opp igjen til Nova og fann stien ned skaret. Så konklusjonen min vart at eg anbefaler å gå på skrå ned på høgre side av Nova. Der var det greitt merka. Sikta meg inn på Grønskrednyken og vidare på Bjørnaskarnakken. Fulgte betre med på returen og fulgte (nesten) merka rute tilbake til Hornet og ned til bilen. Det regnet som >>>
Tarvaldsegga
- Datum:
- 12.08.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:28h
- Entfernung:
- 4,2km
Det er valkamp og då vert det ikkje alltid like mykje tid til å gå dei lange gode turane.
Mannen fiksa bilen, slik at det er mogleg å overnatte i den. I alle fall for meg som ikkje er så fryktelig lang. Hadde difor sett meg ut at været ikkje skulle være så verst i Selje på kveldstid. Og ikkje så verst i Nordfjord på søndagen. Eg såg an til at Tarvaldsegga ikkje skulle være så lang tur, så eg tok sjansen på å få med meg solnedgangen. Men etter kvart som eg køyrde nordover, var været ikkje heilt på topp. Då eg parkerte var det litt yr, men eg tok sjansen. Litt blautt oppover lia, men yret gav seg og sola kom meir og meir fram etter kvart som eg gjekk oppover.
Greitt å gå, litt bratt opp trappa. Flott utsikt frå toppen. Gjekk via Orren nedatt.
Anbefaler å bruke sko >>>
Fuglefjellet
- Datum:
- 11.08.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:00h
- Entfernung:
- 4,0km
Gulakvila
- Datum:
- 06.08.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 0:27h
- Entfernung:
- 1,5km