Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1784)
- Bergtour (1326)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (444)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Gytta
- Datum:
- 15.09.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:30h
- Entfernung:
- 1,9km
Sjønakletten
- Datum:
- 08.09.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:23h
- Entfernung:
- 3,1km
Det er ein hektisk periode med tanke på både skulestart og valkamp. Dermed har det ikkje vore tid til dei heilt lange fjellturane. Dermed er det hærleg å kunne ta nokre fine og korte turar. Den følelsen med vindstille og sol på toppen. Sjølv om turen ikkje er så lang så var den heilt magisk med den fine solnedgangen. Det å sitte å sjå på solnedgangen blenkjer i sjøen. Verkeleg energipåfyll før ei hektisk helg og ny veke på jobb.
Klettaflora
- Datum:
- 02.09.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:01h
- Entfernung:
- 3,4km
Det er framleis valkamp og dermed ein del arrangement eg er med på no før valet. Stand i Førde med potetløp, der vi vann første runde. Det endte med at vi måtte ta ei runde til med "handicap", der ein av deltakarane måtte springe baklengs i andre runde. Vi vann ikkje, men kom på 2.plass av partia.
Det gjekk vidare til stafett i Bygstad i forbindelse med opninga av Bygstadhallen. Dei har verkeleg fått seg ein flott hall. Ikkje overraskande, så vann ikkje vi, men vi kom på 2.plass blandt politikarlaga. Etter Helse-Førdestafetten, hadde eg lært at det var lurt å varme litt opp før eg set i gang. Då det var min tur gjekk konkurranseinstinktet amok og det var berre å springe. Litt irriterande då at ein unge kom rett bak meg og sprang som eit olja lyn forbi meg.... jaja, >>>
Høgsetholten
- Datum:
- 01.09.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:07h
- Entfernung:
- 9,2km
Fann ut at Høgsetholten var målet denne kvelden sidan det var ei stund sida eg var der sist.
Flott vær denne kvelden men litt vind. Tok runda over Høgsetholten og ned dalen, der det er merka heile ruta. Flott lys denne kvelden også.
Nova
- Datum:
- 31.08.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:05h
- Entfernung:
- 12,2km
Starta med litt regn i det eg parkerte i Norddalen. Regnet fulgte meg meir eller mindre opp forbi Finneskotet. Eg tok likevel sjansen på at dei mørke skyene over Nova skulle gje seg. Og det gjorde dei. Då eg kom opp til toppen hadde det letta og skyene forsvann. I tillegg vart det heilt vindstille, så eg må innrømme at eg hadde mest lyst å berre bli oppe lenge for å nyte utsikta og det fine været. Tok ein avstikkar opp til Skorafjellet, der eg fekk den flotte raude solnedgangen.
Klarte akkurat å komme tilbake til bilen slik at eg slapp å bruke hovudlykt.
Nordheia
- Datum:
- 30.08.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:06h
- Entfernung:
- 4,2km
Flott og solfylt kveld. Litt overraskande med regnboge på veg ned. Men det betyr vel at det er litt fukt i lufta likevel.
Hetleegga
- Datum:
- 29.08.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:22h
- Entfernung:
- 8,4km
Tur med fine kollegaer ved Førde vgs.
Det var greie værmeldingar denne kvelden. Etter ei lita stund kom regnet, men ikkje så mykje at eg hadde behov for den regnjakka eg glømte heime. Etter kvart letta det og så kom finværet og sola. Det blei etter kvart ein fin, men litt våt tur. Elskar dei fine solnedgangane som kjem no på hausten.