Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Geitahornet og Sjåstadvarden

Dato:
26.04.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:49t
Distanse:
10,9km

Etter ein fin kveld og natt på Stad havhotell var det å nyte ein god frokost før heimreise. Men først ein fjelltur ettersom været er så fint. Eg gjekk for Sjåstadvarden og Geitahornet. Parkerte ved parkeringsplassen på Dragseide og fulgte godt merka sti opp mot Nobba. Jammen er det relativt bratt sjølv når toppane ikkje er så høge. Her ute får ein ganske mykje utsikt for innsatsen i tillegg. Frå Nobba bar det vidare til Geitahornet. Frå Geitahornet til Libbera var det relativt lett terreng. Eg må innrømme eg blei noko forundra då eg såg nokre sauer stå opp i fjellsida nedanfor Libbera. Det er ikkje fritt for at dei fleste ville kvi seg på å gå opp der. Frå Libbera til Geitahornet var det igjen lett. Bratt det siste stykket før toppen av Geitahornet Frå Geitahornet fekk >>>

Kart    

Revjehornet

Dato:
25.04.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:22t
Distanse:
5,6km

Samling for jenter i Elektro i Hoddevik og Leikanger. Reiste tidlegare opp slik at eg kunne rekke ein kjapp fjelltur før samlinga. Parkerte ved høgda mellom Borgundvåg og Tungevågen. Fulgte stien oppover. Flott utsikt frå toppen.

Kart    

Bekkjavatnet rundt

Dato:
24.04.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:53t
Distanse:
6,3km
Kart    

Ramstadstølen

Dato:
23.04.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
6,6km
Kart    

Gytta

Dato:
22.04.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:27t
Distanse:
2,2km
Kart    

Skredfjellet

Dato:
21.04.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:35t
Distanse:
9,9km

Ein av årets Titur Indre Sunnfjord turlag. Eg håper at fleire finn glede i denne turen. Spesielt ruta opp til Skaret og at det ikkje vert for ille det siste stykket opp til toppen, ettersom det mangler ein god sti. Tørt og fint å gå stort sett heile turen. Men det siste stykket frå Skaret og opp til toppen valte eg å gå litt lågare i terrenget for å unngå det avlange vatnet rett før toppen. Her er det litt myrete.

Kart    

Havglimt - dagsturhytta Stadt

Dato:
20.04.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:18t
Distanse:
4,2km

Nydeleg dag for ein roadtrip med mannen og ei veninne.

Kart    

Nordheia og Djupviknipa

Dato:
19.04.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:08t
Distanse:
4,0km
Kart    

Templane

Dato:
19.04.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:11t
Distanse:
4,3km

Lett tur

Kart    

Klepp, dagsturhytta Voss

Dato:
18.04.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:10t
Distanse:
4,9km

Etter besøket til Fjordsyn i Vaksdal, vurderte vi om vi skulle besøke ei dagsturhytte til og kva dagsturhytte det evt. skulle være. Vi landa til slutt på Voss. Vi køyrte langt opp i lia frå Voss sentrum og vidare over på bomveg. Der var det mogleg å parkere i enden av denne vegen. Vegen opp til dagsturhytta var ei god blanding av steile bakkar og "heilt flatt". Men det var grusveg nesten heile vegen opp. Dei siste metrane var det lagt ut plankar. Fin plassering av hytta, sjølv om eg kanskje kunne tenkt meg litt meir utsikt.

Kart