Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Langevasshornet ++

Dato:
04.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:34t
Distanse:
15,1km

Etter det eg kunne sjå, var dei beste værmeldingane i ytre i dag. Så då blei det tur til Bremanger og ein av dei toppane eg har mangla der ute. På veg ut var det mykje regn og litt yr innimellom. Eg parkerte nede ved vegen ved Eikeset. I det eg hadde parkert bilen og gjorde meg klar for å gå, slutta regnet og eg håpa i det lengste at tåka skulle lette også. Eg gjekk opp vegen ved Eikeset og vidare over på traktorveg, som etterkvart minna meir om ein litt brei sti enn ein traktorveg. Greitt å gå på når det tydeleg har regna denne natta. Etter kvart gjekk vegen over i merkt sti og dermed litt blautare å gå. Stiane i Bremanger er veldig godt merka, så når det var litt tåke på Langevasshornet, så gjorde ikkje det så mykje med tanke på at det er mogleg å sjå kvar eg skulle >>>

Kart    

Gulebrystet

Dato:
03.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:37t
Distanse:
3,8km

Etter eit par lange fjellturar dei foregåande dagane, var det godt å kunne ta ein kort tur. Gulebrystet har eg ikkje vore på før, i tillegg har eg misstanke om at det skulle være fin utsikt. Så då blei det Gulebrystet. Parkerte ved eit busskur ved Sandvika, rett før kirka. Gjekk vegen Sandvika til endes. Der var det merka rute heilt opp til topps. Bratt tur og relativt kort. Stien var tørr og fin med nokre berg enkelte stader. Flott utsikt frå toppen og til og med ein benk som er sett ut på kanten.

Kart    

Sollinova

Dato:
02.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:05t
Distanse:
12,9km

Då fekk eg fullført Sunnfjord kommune si liste over toppar med 100mpf. Dette var nok ikkje den enklaste toppen for meg, sidan den kan verke litt luftig det siste stykket opp. Eg var litt usikker på kor stor elva var, så eg gjekk opp på venstresida av elva. Litt kronglete å komme seg opp, men det gjekk for så vidt bra. Brukte nok ein del lenger tid opp på grunn av krangling med nokre busker. Oppe i Sollibotnen fann eg merkinga opp til toppen og glad er eg for det, for det er ikkje den mest opplagte toppen å bestige. Stien gjekk rett opp og så noko til venstre. Etter kvart vart det litt vel luftig for høgdeskrekken, men viljen er nok større enn høgdeskrekken, så opp skulle eg. Eg var i alle fall så var eg svært glad for at merkinga framleis er så pass bra at det går an å komme >>>

Kart    

Kvannefjellet og Blåfjellet

Dato:
01.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:30t
Distanse:
20,6km

Starta ved Haugadalen og gjekk opp til Spelemannsmyra. Tok opp til venstre og opp på Kvannefjellet. Lit klyving her og der, men det gjekk på eit vis. Greitt resten av ryggen bort til Kvannefjellet nord som var det eigentlege målet i dag. Måtte berre nyte den flotte utsikta i området. Det er verkeleg verdt strevet når ein får så flott utsikt ein kan berre nyte. Eg fann deretter ut at eg skulle ta ruta ned via Oldeskaret. Eg sikta meg ned mot Blåfjellet og Oldeskaret. Utfordringa mi var at eg ikkje hadde studert godt nok korleis ruta skulle være nedover. Eg fann nokre parti eg kunne ta meg ned, sjølv om det vart litt klyving her og der. Hadde ein liten ekstratur opp på Blåfjellet. Denne toppen har eg besøkt før, men då hadde eg ikkje så god utsikt. I dag var utsikta prima og >>>

Kart    

Flugestølen

Dato:
31.07.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
5,1km
Kart    

Gytta

Dato:
30.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:48t
Distanse:
2,2km
Kart    

Ytstekupa og Daurmål

Dato:
29.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:00t
Distanse:
17,3km

Fann ut eg skulle teste ut å gå Ytstekupa og Daurmål frå Klakegg. Eg veit at det er merkt rute frå Klakegg og opp til gapahuken/Klakeggstølen. Merkinga er god etter at Jølster fjelltrim hadde turpost der. Eg var litt nysjerrig på om det kom til å være noko sti vidare, og gleda var stor då eg oppdaga at det var merkt vidare. Eg fulgte merkinga og det kan sjå ut til at den gjekk heilt til Svenskedalen. Stien var tydeleg mesteparten av vegen, med nokre få unntak. Det var også merke fleire stader, sjølv om det ikkje var like bra som opp til gapahuken. Stien gjekk litt under Klakeggfjellet og bort til Ytstekupa. Gjekk vidare frå Ytstekupa og opp til Daurmål utan vidare problem, terrenget er greitt å gå. Sikta meg inn på Flateegga og vidare til Klakeggfjellet. Deretter var det >>>

Kart    

Hovden, Atløy

Dato:
28.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:23t
Distanse:
3,0km

Ny dag med regn i indre og finvær i ytre. Fin tur med søsteren

Kart    

Høgeheia

Dato:
27.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:44t
Distanse:
4,6km

Når været i indre ikkje akkurat er nydeleg. Godt er det då at det kan være litt finare i ytre. Litt blaut sti oppover på grunn av nyleg regn. Men ellers ein fin tur.

Kart    

Gytta

Dato:
26.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:36t
Distanse:
2,3km

Etter fire dagar med lengre turar, så var det greitt å ta ein kortare tur denne dagen. Hadde opplett på veg opp. Tok ei god stund i hengekøya i gapahuken for å nyte litt ro og fred med synet av litt regn. Etter ei lita stund så letta det att og eg tok fatt på turen nedatt utan ein drope og til og med litt sol. Av og til er det godt å berre ha ein mikrotur for seg sjølv.

Kart