Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1780)
Gavlen og Nova
- Date:
- 21.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:42h
- Distance:
- 11.4km
Vi parkerte på toppen og fulgte godt merka og lettgått sti til Nova. Det er jo litt råflott å køyre så langt berre for å gå ein kort tur på 3,5km, så vi forlenga den og gjekk til Gavlen. Ikkje fullt så tydeleg sti heile vegen, men stort sett greitt merka med steinvardar.
Flott utsikt frå toppen. Eigentleg flott terreng å gå i.
Hadde ein liten stopp for å besøke dagsturhytta i Bjordal samtidig.
Knapstadstølane og Eikefjordstølen
- Date:
- 15.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 10.3km
Ettersom været vart relativt bra etter turen til Ramsdalsnipa, så var eg ikkje heilt klar til å gå heim. Så då blei det ein rundtur på Knapstadstølane og Eikefjordstølen.
Hærleg vær og hærleg tur. Fekk meg også ein dukkert i ein av kulpane ved elva eg kryssa mellom Knapstastølane og Eikefjordstølen.
Ramsdalsnipa
- Date:
- 15.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:36h
- Distance:
- 6.6km
Søndag og ikkje meldt dei beste værmeldingane. Ramsdalsnipa er ikkje så lang og krevjande, så det var eigentleg eit fint mål for dagen. Ikkje så mykje regn heller.
Blånipa
- Date:
- 14.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:42h
- Distance:
- 12.5km
Tur med mannen på Blånipa. Flott tur denne dagen med gode temperaturar. Det vart difor eit par plassar eg fann det godt å ta ein dukkert.
Solheimsstølen
- Date:
- 11.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:11h
- Distance:
- 3.7km
Hafstadfjellet
- Date:
- 08.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 11.9km
Brossviksåta
- Date:
- 07.06.2025
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:08h
- Distance:
- 11.5km
Dagens tredje tur. Vårt turfølge hadde aldri vore på Brossviksåta før. Ho har sett mykje bilde frå toppen, men aldri vore der sjølv. Så mannen min foreslo at vi kunne ta ein tur oppover til toppen. Turen startar jo litt bratt, så det vart ein roleg start på oss, men etter kvart så auka farta. Eg veit ikkje om det var eg eller ho som drog opp farta, men eg trur vi kanskje bytte litt på å presse. Det kjentes i alle fall ut som pulsen auka godt oppover bakkane. Ho var i alle fall nøgd med både turen og utsikta. Og ho konkluderte med at det ikkje blei noko løpetur denne dagen.