Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Blånipa

Dato:
14.06.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:42t
Distanse:
12,5km

Tur med mannen på Blånipa. Flott tur denne dagen med gode temperaturar. Det vart difor eit par plassar eg fann det godt å ta ein dukkert.

Kart    

Solheimsstølen

Dato:
11.06.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:11t
Distanse:
3,7km

Kjekk tur med kollegaer til mannen min.

Kart    

Hafstadfjellet

Dato:
08.06.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
11,9km

Tur frå Langelandshøgda.

Kart    

Brossviksåta

Dato:
07.06.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:08t
Distanse:
11,5km

Dagens tredje tur. Vårt turfølge hadde aldri vore på Brossviksåta før. Ho har sett mykje bilde frå toppen, men aldri vore der sjølv. Så mannen min foreslo at vi kunne ta ein tur oppover til toppen. Turen startar jo litt bratt, så det vart ein roleg start på oss, men etter kvart så auka farta. Eg veit ikkje om det var eg eller ho som drog opp farta, men eg trur vi kanskje bytte litt på å presse. Det kjentes i alle fall ut som pulsen auka godt oppover bakkane. Ho var i alle fall nøgd med både turen og utsikta. Og ho konkluderte med at det ikkje blei noko løpetur denne dagen.

Kart    

Kistefjellet

Dato:
07.06.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:49t
Distanse:
2,7km

Etter ein tur på dagsturhytta i Gulen vart det tid for å prøve ut ein ny topp. Kistefjellet er ein av toppane som står på lista i Opptur Ytre Sogn og Fjordane. Ettersom det ikkje er så lang, så passa den godt i dag. I følge ut-appen går det sti frå vestsida og opp til toppen. Denne stien er nok ikkje så mykje brukt. Den er bratt og nesten ikkje synleg i starten. Etter kvart vart det lettare å gå. På veg nedatt fulgte vi ei godt merka rute nedatt på austsida av fjellet. Anbefaler den ruta begge vegar. Flott utsikt frå toppen. Blandt anna mot Mongstad, der far min arbeidde på 80-talet då Mongstad vart bygd.

Kart    

Gulakvila - dagsturhytta i Gulen

Dato:
07.06.2025
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:30t
Distanse:
1,5km

Fin start på pinsehelga.

Kart    

Liafjellet

Dato:
06.06.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:42t
Distanse:
7,2km

Eit av årets titur var Liafjellet i Naustdal. Og med denne turen var årets titur fullført for mannen min.

Kart    

Smålivatnet

Dato:
05.06.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
4,0km

Testing av tur eg har høyrt skulle være fin. Ja, og stien er godt tilrettelagt der det er lagt ut klopper store delar av stien. I tillegg har nokre ungdommar vore med å fiksa varden oppe med vatnet.

Gytta

Dato:
03.06.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:39t
Distanse:
2,1km
Kart    

Gytta

Dato:
02.06.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:33t
Distanse:
2,1km
Kart