Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Skavegga frå Utvikfjellet

Date:
07.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:28h
Distance:
12.5km

Ikkje ofte det er rundt 22 grader i septbember, noko som bør være grunn nok til å være ute.På denne nydelege dag i september og eg tok med mannen min og ei veninne til Skavegga. Terrenget er svært fint å gå. Det startar rett nok litt motbakke, men etter kvart er terrenget tørt og fint og veldig lite bratt. Vi fekk til og med ein dukkert på 1000 moh.

Map    

Naregga

Date:
06.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:21h
Distance:
5.6km

Enda ein dag med vindstille og sol. Naregga er perfekt dersom ein er på jakt etter fine solnedgangar.

Map    

Rimmane

Date:
05.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
7.0km

Tur med kollegaer til Rimmane. Nydeleg sommarfølelse i september. Absolutt ein høydare i alle fall når vi får det nydelege synet med sola som skin så fint.

Map    

Trodalsvatnet

Date:
04.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:45h
Distance:
4.8km

Sjølv om det er fint vær, så er det ikkje alltid at ein går tørrskodd på tur. Ei stund sidan eg hadde vore oppe i Trodalen og tenkte at det var sikkert fint å gå der. Men på grunn av at stien er lagt litt om, så startar no stien rett i ei myr. Så det tok vel ca 2 minutt så var skoa våte og kanskje 10 min til skoa var gjennomvåte. Så det blir nok ikkje fleire turar på den stien, med mindre det har vore tørt ei stund.

Map    

Halvgerda

Date:
02.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
9.4km

Det er ei stund sidan eg prøvde ruta opp frå Slåttensida. Eit eller annat stort har i alle fall vore opp denne vegen. Mest truleg ei eller anna arbeidsmaskin for å få ned nokre tre. Det var rett og slett krevjande å gå ettersom arbeidsmaskina hadde laga svært djupe spor og i spora var det stort sett gjørme. Neste gong går eg frå Holsa/Høgset. Flott ettermiddag/kveld med lite vind og fin utsikt. Så her var det berre å nyte kvelden.

Map    

Legene ved Solvorn

Date:
01.09.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:33h
Distance:
5.4km

Ein liten tur langs fjorden frå Solvorn. Vi var innom Legene, som tydelegvis er ein nedlagt gard. Turen er lett kupert

Map    

Storehaug

Date:
01.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:24h
Distance:
1.8km

Eg må innrømme eg er mest glad i dei fjella som har litt utsikt. Denne turen er nok ingen "høydare", men ein heilt OK tur og ikkje noko meir. Utsikta er ikkje så mykje å skryte av akkurat. Så det blir ingen jakt på denne toppen fleire gongar.

Map