Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1762)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Klungeren
- Dato:
- 03.04.2024
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 2:36t
- Distanse:
- 10,8km
Kollegatur. Det var meldt ikkje alt for bra vær, men vi var tre kollegaer som likevel ville ta turen, sjølv om været ikkje akkurt sa strålande sol. Vi starta opp frå Masdalsgjerde på lett skare og fortsette heilt opp til toppen utan at skaren vart mindre. På toppen var det null utsikt og tåke, så det gjekk ikkje veldig fort nedatt. Grei tur, men hadde eg visst at det var skare snø heilt opp, så hadde eg nok tenkt at truger var betre.
Snønipa og Myklebustbreen frå Høyset
- Dato:
- 01.04.2024
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 9:15t
- Distanse:
- 27,5km
Siste dag i påska og det var meldt sol. Fekk invitasjon om å være med på Snønipa denne dagen. Og ettersom eg mangla Myklebustbreen(1709moh) så var ønsket først og fremst bortom den toppen. Vi tok opp til venstre opp lia og vidare opp mot Snønipa. Etter kvart som vi steig oppover hadde sola teke meir og det var faktisk ikkje so verst å gå. Det verste var nok at det kladda litt under skia. Hadde ein fin liten rast på veg opp lia før vi fortsette opp til Snønipa. Det var mykje folk denne dagen, men då vi kom opp, så var vi aleine på toppen. Etter ein liten rast på toppen i strålande sol fekk eg med meg noko av turfølge bort på neste topp. Nydeleg føre frå Snønipa og bort til Myklebustbreen. Slakt og fint og pudderføre. Ein liten stopp på toppen før vi tok fatt på nedturen >>>