Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1762)
Kvamfjellet og Flistrehornet
- Date:
- 04.11.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:07h
- Distance:
- 14.8km
Vi starta tidleg om morgonen og sette nasen mot Nordfjord. Vi rakk ferga Oldeide- Måløy med god margin. Fine temperaturar i dag med opp i 12 grader. Vi starta frå Berstad og det gjekk greitt oppover, sjølv om det var litt vind. Etter kvart kom vi opp i sola og det gjorde godt. Ein liten rast på toppen der varden gav oss litt ly for vinden. Litt fotografering før vi sette nasen mot Flistrahornet. Vi sikta oss nokon lunde inn og gjekk på. Greitt terreng då vi først hadde kome ned frå første partiet frå Kvamfjellet. Flott å ha sola i ansiktet stort sett heile tida mot Flistrahornet. Hadde ein kort stopp på Flistrahornet før vi gjekk tilbake mot stien som gjekk ned mot Løypinga. Litt bratt sti, men greitt å gå og fint merka. Frå Løypinga og ned var det så som så med merkinga >>>