Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1778)
- Bergtour (1320)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (444)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Skarpefjellsnakken ++
- Datum:
- 22.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:12h
- Entfernung:
- 10,7km
Bra med vind over Sognefjorden i dag, så eg var litt spent på korleis det skulle være på Skarpefjellsnakken. I følge ut.no, så er sporinga frå Legene. Men etter det eg forstod på beskrivelsen, var det meininga å parkere nede ved traktorvegen og gå opp til Røyrbotnen. Eg valte å køyre, men forstod at den vegen kanskje ikkje er beregna på vanlege bilar. Heldigvis har eg ein god bil med noko klaring, så det gjekk greitt.
Parkerte i enden av traktorvegen og såg etter merke. Må innrømme at desse merka ikkje var dei tydelegaste eg hadde sett. Eg fann likevel ei rute opp mot Kalhovdesetra. Og vidare opp mot Skarpefjellsnakken, sjølv om merkinga ikkje var så god. Eg fann likevel fram. Litt blest på toppen, men ikkje så ille. Fortsette ned mot Stigen. Der var det gule merker, sannsynlegvis >>>
Blånipa i vind
- Datum:
- 21.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:39h
- Entfernung:
- 14,2km
Var litt usikker på kor lurt det var å dra seg opp på fjellet med den vinden som var meldt. Men eg hadde lova å bli med, så då blei det tur. Vi starta frå rasteplassen i Eikefjorden. Ikkje så gale med vind der i alle fall. Og opp til Hovlandsstøylen gjekk det ganske bra.
Vidare derfrå var det litt meir vind og vi starta å merke vinden då vi kom opp til Nipevatnet.
Mitt turfølge var så grei å ta med broddar til oss begge. Det kom godt med på veg opp det siste stykket, då snøen ikkje berre var snø, men såpeglatt is.
Det siste stykket opp var skillelig motvind. På toppen var det å ta eit par bilder før vi farta nedatt. Det var ingen plass å sitte i den vinden og nyte matpakka. Eit lite stykke ned frå toppen fann vi oss litt ly og kunne ta lunsjen vår. På veg nedatt var >>>
Nordheia
- Datum:
- 20.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:54h
- Entfernung:
- 4,0km
Nordheia/ Djupviknipa
- Datum:
- 19.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:51h
- Entfernung:
- 4,0km
Hamrestølen
- Datum:
- 15.10.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:45h
- Entfernung:
- 8,7km
Litt usikker på om det frista med tur i dag. Men antydning til sol gjorde at eg blei frista nok til å komme meg på luftetur. Valet vart ein tur med grusveg ettersom det har regna bra den siste veka. Det regna bra på veg til utgangspunktet for turen. Men då heg parkerte letta det og det var antydning til sol. Turen starta gjennom ei grind. Og ved den grinda var kart med oversikt over masse ultralokale stadnamn i området. Ruta gjekk på relativ grei grusveg og etter kvart kom det litt regn og så snø. Fin regnværstur dette.
Skaugumåsen
- Datum:
- 13.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:20h
- Entfernung:
- 8,0km
Tur på Røros
- Datum:
- 10.10.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:47h
- Entfernung:
- 8,0km
Ei lita vandring i Røros, inklusive blandt ørkenvandring. Vel... det er visst ikkje tørt nok til å kalle det ørken, men det er sand. Kvitsanden er eit fascinerande fenomen. Det er 0,4 kvadratkm med flygesand rett ved Røros sentrum.
Fløyen og Hatlelifjellet frå Ullebø
- Datum:
- 08.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:25h
- Entfernung:
- 13,1km
Vindstille denne søndagen. Tenkte å prøve ut ruta frå Ullebø. Godt merka sti heile vegen opp. Skilta ved stiskille. Eg valte den bratte ruta opp til toppen og den litt mindre bratte ruta på veg ned. Greitt å komme seg opp og ned. Så og seie vindstille på toppane.
Hest
- Datum:
- 07.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:16h
- Entfernung:
- 12,3km
Vurderte Munkeggi denne laurdagen, men på grunn av nysnø på toppen, fann eg ut at eg ventar med den toppen til sommaren att. Då blei det Hest. Fulgte godt merka rute til toppen. Godt med vind gjorde at det kun blei ein liten stopp med til fotografering før eg gjekk vidare. Tenkte eg kunne ta ei runde i staden for tur/retur og såg det an til at det skulle gå greitt. Sikta meg inn på den merka ruta over Dyreskardet. Litt lite merking ned til skaret, men det gjekk greitt å gå ved å følgje kartet. Fulgte den merka ruta til Hesjedalen. Oppdaga fort at elva ikkje kunne kryssast tørrskodd. Så då var det berre å labbe uti og bli søkk gjennomblaut. Eg reknar med at den er litt lettare å passere på sommaren. Fulgte fin sti frå Hesjadalen og ned att til bilen. Godt å få på seg tørre >>>