Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1776)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Havren
- Dato:
- 18.09.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:09t
- Distanse:
- 11,9km
Starta bratt opp trappene inst i Dalen i Høyanger. Fekk verkeleg utfordra høgdeskrekken i løpet av dei 2500 trinna opp trappene. Trappa er smal og med kun ein vaier å halde seg i. Så der var det fullt fokus.
På toppen traff eg på ein mann som var på jakt. Han fortalte meg vegen vidare og at det gjekk fint å gå stien nedatt. Så slapp eg trappene. Fulgte vegen eit lite stykke og ved første høgspentmasta tok eg opp til venstre og fulgte stien opp til Nova og vidare til Havren. Lurte på om eg skulle gå vidare og ned til vegen lenger inne. Men fann ut at eg skulle returnere samme vegen. Bomma litt på returen i starten. Der blei det litt vel luftig før eg kom meg ned. Ved Trappene tok eg stien nedatt. Den gjekk parallelt med trappene. Ikkje fullt så luftig.
Strandanipa
- Dato:
- 10.09.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:39t
- Distanse:
- 12,4km
Vindkjegla
- Dato:
- 07.09.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:51t
- Distanse:
- 5,3km
Stølvarlifjellet
- Dato:
- 06.09.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:31t
- Distanse:
- 9,5km
Tur med kollegaer frå dei to vidaregåande skulane i Førde (som snart er ein vidaregåande skule).
Nipene/Botnafjellet
- Dato:
- 04.09.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:40t
- Distanse:
- 11,8km
Prøvde å følge rute på ut.no mot toppen, men skar av litt tidlegare til venstre. Traff på igjen stien litt lenger oppe. Returen sikta eg mot Blåfjellet. og såg Strava hadde ein del spor sannsynlegvis frå vinterturar. Dette fulgte meg rett i myra. prøvde meg gjennom litt skog, men då vart det krangling med trea. Kom meg greit ned det siste stykket mot grinda og vegen.
Grønefjellet
- Dato:
- 03.09.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:23t
- Distanse:
- 7,8km
Fint å komme over skodda denne formiddagen.
Hadde ei dame bak meg, som nådde meg igjen på toppen. Ho kjente området og viste meg ei ny rute ned. Ikkje så mykje sti den vegen, men eit par stavar viste vegen. Over elva var det bra sti ned via Skagestølen.