Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1762)
- Bergtour (1308)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (440)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Fauskevarden med påskefølelsen
- Datum:
- 11.04.2021
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 1:52h
- Entfernung:
- 5,9km
Av og til er følelsen at ein treff på turmålet og det meste stemmer.
Nesten aleine på parkeringsplassen då eg starta. Men nokon hadde vore før meg opp, slik at det var berre å følgje spora oppover.
I dag var det ein slik følelse. Ein virkelig fin påskefølelse med sola som varmar på veg opp. Litt vind på toppen gjorde at det ikkje vart lang stopp på toppen.
Det var fullt på parkeringsplassen då eg kom nedatt og kø til å komme inn for å parkere. Eg trur nok nokon var glade for at dei kunne bruke parkeringsplassen min då eg for.
Vesle Viefjellet
- Datum:
- 09.04.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:39h
- Entfernung:
- 3,4km
Grei tur opp til Dagsturhytta, sjølv om det var litt snø i stien. På veg opp forbi dagsturhytta var det gått spor, men ikkje heilt opp på Vesle Viefjellet. Siste stykket var vassing opp til over knea.
Høgelia
- Datum:
- 03.04.2021
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 2:00h
- Entfernung:
- 5,6km
Parkerte ved parkeringsplass i Bosdalen. Fulgte merka løype mot Kvamsølen til ei høgd og tok sikte på ryggen oppover etter eit stykke. Fulgte ein del dyretråkk og traff på sti då eg var ved varden og tok sikte på toppen. Toppen var ikkje merka noko spesielt. Men vardane var sett litt lenger mot sør, der den beste utsikta var. Ved den største varden gjekk det ein sti. Eg fulgte den eit stykke før eg tok av til venstre ned lia. Brukte gps for å sikte meg tilbake der eg kom frå. Etter eit lite stykke ned i lia fann eg tilbake til den merka løypa frå Kvamsstølen og fulgte den tilbake til bilen.
Lett snøfall på veg nedatt gjorde at utsikta ikkje var den beste. Dette er nok ikkje den mest brukte fjellturen i området.
Fløyen frå Bosdalen
- Datum:
- 03.04.2021
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 0:32h
- Entfernung:
- 1,5km
Eg køyrde opp i Bosdalen så langt bilen kunne ta meg. Siste meterane på traktorveg krevst firhjulstrekk. Kjapp tur frå traktorvegen og opp på toppen.
Jarstadheia med søsteren
- Datum:
- 02.04.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:21h
- Entfernung:
- 7,9km
Hamnanova
- Datum:
- 01.04.2021
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 1:13h
- Entfernung:
- 3,5km