Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Storehesten

Date:
10.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:43h
Distance:
13.1km

Då var vi ferdige med alle postane i fjelltrimmen "ut og opp Gaular". Dette måtte jo markerast. Ikkje så verst vær. Litt vind på veg opp, men av alle ting, var det vindstille på toppen. I alle fall nok til å kunne kle seg. Eg trur nok enkelte fekk seg litt underhaldning då vi skulle skifte. Fantastisk fint å gå i dag.

Map    

Trebønipa

Date:
09.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:31h
Distance:
14.9km

Har tenkt på denne toppen ei stund, og i dag tok "haustferie" og gjekk litt før. Var usikker på lengda på turen, men eg ante at det kunne bli eit stykke. Hadde fått tips av ein kollega om at dette var den enklaste ruta til Trebønipa. Og det stemmer nok. Starta opp skibakken og fulgte stien som går mot Florsheia. Tok av stien då eg kom opp i høgda og såg an til at eg kunne gå opp skaret som ligg på skrå til venstre. Fint turterreng i høgda og dei kilometerane eg skulle gå, gjekk rimelig greitt unna. Kort stopp på toppen før eg vende nasen nedover att. Klarte å komme meg ned før det blei skikkelig mørkt.

Map    

Fauskevarden

Date:
05.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
6.3km

Fint tur til Fauskevarden denne ettermiddagen. Var aleine på toppen, men eg traff på ein del folk som mest truleg skulle opp å sjå på solnedgangen. Stien er betre tilrettelagt med treplankar på flata, men ein må framleis nytte fjellsko på grunn av eit lite parti med gjørme. Traff på nokre som gjekk med kvite joggesko. Trur ikkje dei var kvite etter den turen.

Map    

Lassenipa

Date:
04.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:16h
Distance:
13.4km

Ein verkeleg flott tur, som er verd eit besøk. Turen er i variert terreng og er passe bratt, passe lang og har ei flott utsikt. Anbefaler fjellsko, som tåler vatn, då ein del av turen går i myrlendt terreng i tillegg må ein over ei elv.

Map    

Søthaugsfjellet

Date:
03.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h
Distance:
15.1km

Starta med friskt mot opp mot Dvergsdalsstølen. Hadde fått ei sånn nokon lunde turbeskriving av ein kollega som kjenner området. Eg tok av stien og sikta meg inn på Trollebotnen. Det blei ein del baksing inn i buskene. Men eg kom til slutt over elva som går ned frå Trollebotnen. Fulgte stien opp til skaret og tok til høgre der eg såg det kunne være antydning til god rute. Då eg var oppe på høgda fulgte eg ryggen opp til toppen. Litt klyving over steinar. Eg merka for øvrig at eg ikkje hadde sjekka værmeldinga. For det var rimelig sterk motvind heilt frå Trollebotnen og opp. Men eg kom meg opp og det blei eit par bilder før eg kom meg ned igjen. Då eg kom ned forbi Trollebotnen fann eg ein sti som sannsynlegvis stammar frå Jølster Fjelltrim. Anbefaler å nytte den stien som >>>

Map    

Hegrenesnipa

Date:
02.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:11h
Distance:
6.7km

Ettermiddagstur

Map    

Fureviksnipa

Date:
01.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:26h
Distance:
4.3km

Map    

Nordheia

Date:
30.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:31h
Distance:
5.0km

Map    

Rundenova ++

Date:
27.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:39h
Distance:
14.5km

Flott tur. Noke vind på turen, men vi klaga ikkje, då vinden var mykje mindre kald enn dagen før.

Map    

Svarteknibba

Date:
26.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:47h
Distance:
13.5km

Flott tur med søsteren til Svarteknibba og Gøyvinga.

Map