Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Kvimsen

Dato:
10.05.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
6,5km

Det er ikkje alltid at timinga er rett når ein skal gå tur. Etter værmeldingane skulle det være mykje nedbør denne dagen. Men det stemte ikkje med det eg såg ut vindauget. Der var det sol, men snø nedover liane. Og eg må innrømme at eg ikkje var heilt klar for å vasse i snø på toppane denne dagen. Så då var det å vende nasen ut mot kysten. Omsider fann eg ut at eg kunne like godt finne ein av toppane eg mangla i Hyllestad. Då fall valet på Kvimsen. Litt blanda vær på veg ut, med både litt regn og litt sol. Då eg parkerte starta det å regne og på veg oppover gjekk regnet over til tjukke snøfiller. Heldigvis ikkje ein så veldig lang tur dette. Null utsikt på toppen. Då eg var komen nedatt til Folkestien hadde det letta og sola kikka fram. Så då blei det ei lita runde >>>

Kart    

Nordheia og Djupviknipa

Dato:
09.05.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
7,1km
Kart    

Gytta

Dato:
07.05.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:33t
Distanse:
2,2km
Kart    

Hafstadstølen

Dato:
06.05.2026
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
5,1km
Kart    

Gravdalsholten

Dato:
05.05.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
2,9km
Kart    

Bekkjavatnet rundt

Dato:
04.05.2026
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
6,1km
Kart    

Tempelet og Ramsgrødheia

Dato:
03.05.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:16t
Distanse:
7,2km

Fann ut eg kunne ta ein bonustur, sidan eg ikkje brukte så lang tid på dagens første tur. Parkerte ved ei lita parkeringslomme og fulgte grusveg opp forbi gardane. Fann ein sti som gjekk opp til ryggen, men eg vart litt vel ivrig, så eg tok over på eit tråkk og sikta med mot høgda. Opp mot siste stykket til Tempelet trudde eg at eg måtte klyve opp, så det var det eg gjorde. På veg nedatt oppdaga eg ein sti som gjekk langs hammaren. Dette gjorde nedturen litt lettare. Vel nede i dalen gjekk eg litt vidare på sti før eg sikta meg inn over dalen og bratt opp mot Ramsgrøheia. Til tider noko tråkk, slik at det gjekk greitt å komme opp. Siste stykket opp til toppen forsvann tråkket og det var berre å sikte seg opp.

Kart    

Rundt Hydalen i Hyllestad

Dato:
03.05.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:34t
Distanse:
11,7km

Parkerte ved oppkøyrsla ved Leite. Fulgte grusveg opp og tok over på traktorveg og så på sti. Oppe på høgda fann eg plutselig merka rute opp til Hornsnova. Ikkje verst. Resten av turen gjekk på tråkk og kart. Ikkje så mykje tydeleg sti. Nedatt dalen gjekk forsåvidt greitt, men det var bratt nedover. Tok ein liten rast då eg kom ned på rasteplassen før eg fulgte vegen tilbake til bilen.

Kart    

Yndestadstølen

Dato:
02.05.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:17t
Distanse:
9,5km

Lett regn denne dagen. Greitt med ein tur som ikkje er så lang.

Kart    

Ramsdalsnipa

Dato:
01.05.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
6,6km
Kart