Daurmål (02.08.2025)


Characteristic Hillwalk
Duration 6h 35min
Distance 13.5km
Vertical meters 890m
Map
Ascents Daurmål (1,448m) 02.08.2025
Flategga (1,407m) 02.08.2025

Eg fekk spørsmål om eg kunne være med som turleiar med turlaget frå Årdal i Breim over Daurmål til Klakegg. Og eg er ikkje vanskeleg å be når det gjeld tur. Og i tillegg å få gå over i staden for fram og tilbake samme ruta er jo ein kjempebonus.
Det var meldt noko lunde bra vær, men tåka hang over toppane i starten.
Vi klarte å halde oss under tåka i lengre tid, men siste stykket opp til toppen var det tåke.
Vi hadde ein pause på toppen og jammen santen letta tåka såpass at vi fekk sjå fleire av fjella rundt oss, slik som Skjorta og Snønipa.

Ikkje akkurat god sikt på veg opp
Ikkje akkurat god sikt på veg opp
Endeleg kunne vi skimte blå himmel
Endeleg kunne vi skimte blå himmel
Endeleg kunne vi skimte blå himmel og dei høgste toppane rundt oss
Endeleg kunne vi skimte blå himmel og dei høgste toppane rundt oss
Litt trolsk med slike vatn i tåka
Litt trolsk med slike vatn i tåka
Tåka hadde ikkje gitt heilt tapt
Tåka hadde ikkje gitt heilt tapt
Frå Klakeggfjellet
Frå Klakeggfjellet
Gapahuken ved Klakegg
Gapahuken ved Klakegg
Gapahuken ved Klakegg mot Stardalen.
Gapahuken ved Klakegg mot Stardalen.

Mykje av turen frå Daurmål og bortover Flategga gjekk på GPS-spor sidan tåka ikkje var heilt vekke.
Ved klakeggfjellet letta tåka sopass at det var greitt å finne fram utan å vere for avhengig av GPS. Nydeleg ver på veg nedatt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.